Biletet frå venstre; Regionvegsjef Kjetil Strand i Statens vegvesen og administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 signerte kontrakta på drift av ferjesambandet Halsa-Kanestraum på E39 fredag 16. august.

 

Statens vegvesen og Fjord1 har signert kontrakta om drift av ferjesambandet E39 Halsa-Kanestraum. Kontrakta omfattar drift av tre nullutsleppsferjer i 10 år. Kontraktsperioden er frå 1. januar 2021 og ut 2030, og kontrakta har ein verdi på 1,23 milliardar kroner.

Døgnope samband og auka kapasitet

Dagens ferjer har ein kapasitet på omlag 70, 70 og 90 personbileiningar. Dei tre nye ferjene tar omlag 120 personbileiningar kvar.

- Dette gir ei vesentleg betring i kapasiteten på dette sambandet. Det blir også fleire avgangar på kveld, natt og helg slik at vi frå 1. januar 2021 har eit døgnope ferjesamband sju dagar i veka. Det fins og opsjonar for å sette inn ytterlegare ei ferje viss trafikkveksten skulle tilseie at det er behovet, seier regionvegsjef Kjetil Strand i Statens vegvesen.

Utan klimagassutslepp

I ein overgangsperiode på inntil eit år frå 1. januar 2021 har Fjord1 høve til å segle med ferjer med standard og kapasitet som i dagens kontrakt. Årsaka er at kravet om nullutsleppsferjer gjer at rederiet har høve til å bygge om eller bygge nye ferjer som tilfredsstiller krava til nullutslepp.

- Dei tre nullutsleppsferjene som kjem på Halsa-Kanestraum er enda eit døme på det grøne skiftet som pågår i ferjesektoren. På få år har Statens vegvesen bidrege til å redusere klimagassutsleppa frå ferjer i norske farvatn vesentleg, seier regionvegsjefen i ei pressemelding frå Statens vegvesen.