Årsresultatet for Fjord1 konsernet i 2015 viser eit overskot på 212 millionar kroner før skatt. Dette er 100 millionar kroner betre enn i 2014. Fallande oljepris og lågare finanskostnader i 2015 har saman med auka fokus på kostnadskontroll og betra inntening i kontraktane vore medverkande til betring av resultatet i 2015.

- Det har vore arbeidd hardt i organisasjonen for å kome hit, og eg ønskjer å takke alle tilsette for innsatsen. Det er gledeleg å kunne levere slike resultat og dermed rigge selskapet for det grøne skiftet, fortel konstituert administrerande direktør i Fjord1, Andrè Høyset.  

Trafikkregulariteten på dei fleste sambanda som Fjord1 trafikkerar har vore god i 2015. Totalt reiste 20,7 millionar passasjerar med Fjord1, og det vart frakta over 10 millionar køyretøy i 2015, noko som er ein auke på hhv 2,6 % og 1,7 %.

- Fjord1 har ein sterk posisjon som det leiande selskapet i marknaden, og utsiktene for dei kommande åra er svært gode. Med ein sunn økonomi i botn har vi ryggrad til å satse offensivt på miljøskiftet som næringa er i. Framtidige resultat er avhengige av at Fjord1 held fram med å vinne nye anbod. Det viktigaste satsingsområdet for Fjord1 er utvilsamt at vi sikrar oss framtidige anbodskontrakter på «grøn teknologi», seier Høyset.

 

Første anbodsvinnar med krav til ferjer med nullutslepp

 

Fjord1 signerer i dag den første anbodskontrakta i Norge der Staten set krav til ferjer med nullutslepp. Fjord1 vann anbodet med satsing på miljøteknologi, der begge ferjene på sambandet blir elektriske.I anbodet var det berre krav om at èi av ferjene skulle vere elektriske, men Fjord1 leverer begge ferjene basert på straum. Ferjene blir bygd nye til 2018, og blir ein milepæl i lys av «det grøne skiftet». Kontrakta som gjeld ferjesambandet E39 Anda-Lote, er gjeldande for perioden 2018-2027.

- Vi er svært tilfreds med at vi vann den første anbodskonkurransen der det er stilt krav til nullutslepp. Fjord1 er på mange måtar allereie på veg inn i «generasjon to» i det grøne skiftet, med tanke på at selskapet starta med LNG i 2001. I dag har vi 12 LNG-ferjer i drift, fortel Høyset.

E39-sambandet i Sogn og Fjordane blir eit døgnope rutetilbod for dei reisande. Samstundes blir billettsystemet AutoPass innført. 

 

Stor interesse for miljøsatsing

Den offensive satsinga på miljø og «det grøne skiftet» i Fjord1 vekker stor interesse også utanfor selskapet. I ei trainee-stilling som Framtidsfylket Sogn og Fjordane lyste ut i samarbeid med Fjord1, fekk selskapet rekordmange søkarar.

- Vi søkte etter ein trainee innan teknologi, innovasjon og fornybar energi, og fekk inn heile 103 søkarar til stillinga, noko som er eit uventa høgt - men positivt søkartal. Interessa underbygg at selskapet treff med dei miljøsatsingane som vi gjer. Satsinga er i tråd med utviklinga, og det er svært gledeleg at Fjord1 tek posisjonen i førarsetet også på dette området, seier Høyset.

Les pressemelding m/nøkkeltal her.