Frå 2018 overtar Fjord1 drifta av dei to første av i alt elleve ferjesamband på fylkesvegnettet i Hordaland. Desse to sambanda er Krokeide-Hufthamar og Husavik-Sandvikvåg.

Det er no klart at det blir sett inn to nybygg på sambandet Krokeide-Hufthamar. Etter planen kjem det ei heilt ny ferje i drift alt frå 1. januar 2018. Denne blir bygd ved Tersan-verftet i Tyrkia, og har byggjenummer 1075. Ferja vil få plass til 130 personbileiningar (PBE) og 399 passasjerar. Den får namnet MF Møkstrafjord. På same verft byggjast i desse dagar to elektriske ferjer til sambandet Lote-Anda i Nordfjord. Desse skal også etter planen setjast i drift 1. januar 2018.

Ferjene som skal inn på Krokeide-Hufthamar vil ha elektriske framdrift, med plugin hybrid-teknologi. Ladinga vil skje ved ferjekaiane. Samstundes blir det ei robust løysing, slik at ferjene vil gå med konvensjonell framdrift om tekniske utfordringar skulle dukke opp. Det vil bli utsiktssalong over bildekk.

– Vi ser fram til setje i gang det som blir ei ny tid for ferjefarten i Hordaland. Fjord1 har i dette og andre anbodskontraktar tatt på seg å vere leiande innan det grøne skiftet i transportsektoren. Dei reisande får ta ta del i den mest miljøvenlege og moderne samferdsleløysinga som har vore på norske fjordar i nyare tid, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

Etter ein periode med overgangsløysingar, vil den andre nye ferja på Krokeide-Hufthamar kome i trafikk medio 2018. Denne ferja (byggjenummer 1076 ved Tersan Shipyard) vil få plass til 120 personbileingar, og elles vere tilnærma lik den andre ferja på sambandet. Namnet blir MF Horgefjord. Dette betyr at Fjord1 vil levere kapasitet godt over minimumskravet på 230 PBE totalt for sambandet.

Medio 2018 kjem det også ei heilt ny elektrisk ferje på det sørlege sambandet mellom Austevoll og omverda. Ferja som skal inn på Husavik-Sandvikvåg, blir bygd ved Havyard i Leirvik i Sogn. Denne får plass til 38 PBE. Som dei andre to, blir dette ei ferje som skal nytte elektrisk framdrift i rutefart.

– Austevoll vil i løpet av 2018 vere kommunen med flest elektriske ferjer, og blir eit samfunn som nasjonalt ligg i forkant for banebrytande, miljøvenleg transportteknologi, seier André Høyset, driftsdirektør i Fjord1.