Langt inne i Hardangerfjorden - mellom bratte fjell, fjordar, fossar, isbreear og frukthagar ligg kultur- og naturperlene side om side. Omkrinsa av eit landskap som kan målbinde den mest bereiste turist ligg eit av sambanda til Fjord1: Jondal–Tørvikbygd.  

Det er rolegare dagar på vinteren. Men i takt med fruktblomstringa, strøymer dei reisande til regionen utover våren. Sommaren er høgsesong, og Hardangerfjorden som turistmål veks årleg, både i antal nordmenn og utanlandske turistar. Etter at Jondalstunnelen opna i 2012 har sambandet vekse kraftig.

Spennande yrke

Trass i at Hardangerfjorden er kjent for å vere eit av dei vakraste områda i Noreg, har Fjord1 store utfordringar med rekruttering nettopp her. Maskinsjef på MF Samlafjord Ruben Stormark (29) er relativt ny i selskapet, og kom frå Norled til Fjord1 med verksemdsoverdraging i januar 2020.

-Det har vore litt av ei reise det siste året. For å vere heilt ærleg, så har det gått mykje betre enn eg trudde. Vi var nok skeptiske i starten, ingen tvil om det. Eit nytt selskap med nye kollegaer og ny teknologi - alt var nytt. Men det har gått så ufatteleg fint, og vi trivst så godt. Utfordringane på sambandet har på mange måtar stått i kø for oss, men vi føler samtidig at vi har fått det til. Det er spennande dagar med ny teknologi. Alt er ikkje perfekt enda, men no går vi heilelektrisk. Å vere maskinsjef i Fjord1 byr verkeleg på innhaldsrike og givande dagar, seier Ruben.

Kombinere jobb og fritid

Gode turnusordningar som legg til rette for å bu lokalt og heime med familien, og turnusordningar som gir rom for fritidsaktivitetar - er èi side av å jobbe i Fjord1. Ruben er busett 300 meter frå ferjeleiet i Jondal saman med sine to barn. Fritida går med til familien, oppussing av hus og fotball med kameratgjengen.

Ei anna side ved å jobbe i Fjord1 er livet om bord i ferja, der Ruben trekk fram godt arbeidsmiljø og ein kvardag med ny og topp moderne teknologi som dei to viktigaste momenta.

-Som maskinsjef i Fjord1 er ingen kvardag lik. Med ny teknologi kjem også ein ny måte å jobbe på. Tidlegare starta vi opp ein dieselmotor som surra og gjekk. No må vi halde i gong ladinga, og det er mange fleire system å følgje med på. Båtane er blitt veldig komplekse, som er spennande i seg sjølv. Yrket som maskinsjef er nok blitt meir travelt, men utvilsamt mykje kjekkare! Som ung maskinist triggar teknologien meg – og det burde verkeleg trigge fleire til Fjord1, konkluderer Ruben.

Teknologien som triggar

Om bord i den 116 meter lange ferja MF Samlafjord er det nok å henge fingrane i. Ladesystem og hjelpesystem skal fungere til ei kvar tid, vedlikehaldsarbeid skal gjennomførast, og garantiarbeid skal følgjast opp – for å nemne noko.

-Alt må fungere. Som maskinsjef i Fjord1 må du like variasjon, og du må kunne ta utfordringane som dei kjem. I retur får du innhaldsrike og kjekke dagar på jobb saman med dyktige kollegaer. Og om du er like heldig som meg, så får du alt dette saman med dei finaste naturomgjevnadane i landet!

Fine dagar om bord i MF Samlafjord mellom Jondal og Tørvikbygd.