- Er du kanskje ein av dei som vert oppgitt over ferjemannskapet sine anvisningar når du køyrer ombord i ferjene? Er det noko som vert ei ulempe for deg, eller som verkar urettferdig?

Fjord1 er oppteken av gode kundeopplevingar, samtidig som vi set tryggleik i høgsetet! Om du har spesielle behov angåande overfarten (iht Forskrift om transport med ferjeber vi deg melde i frå om dette i billettluka eller til ferjemannskapet i god tid før avgong.

Enkelte reisande har også fortrinnsrett ved overfarten, viser til §3.Fortrinnsrett i Forskrift om transport med ferje. Under følgjer eit utdrag: 

- Køyretøy vert teke med i den rekkefølga ein kjem til ferjekai/oppstillingsplass, med mindre ferjeførar eller den denne bemyndiger bestemmer noko anna grunna stuings- og vektomsyn. Ferjeførar kan og i enkelte tilfelle gjere unntak for motorvogn med farleg last når dette gir tydelege ulempar for mange andre som skal med ferja.

- Utrykningskøyretøy, teleselskap-og elektrisitetsvesenet sine feilrettarbilar i tenesteoppdrag, og bussar i rute har fortrinnsrett. Køyretøy i merka begravelsesfølgje, hestetransport og transport av levande dyr i næringsverksemd har fortrinnsrett ved å varsle ferjeførar seinast 15 minutt før ferjeavgong.

- Legar, jordmødre, heimesjukepleiarar, prestar, veterinærar og politi har fortrinnsrett på tenestereise.Regionvegkontoret kan gje fortrinnsrett til andre i spesielle tilfeller.

- Om det er fleire med fortrinnsrett ved ferjeleiet enn ferja kan ta med, bestemmer ferjeførar eller den denne bemyndiger kven som er mest berettiga. Livsviktig transport går alltid først.

Viser også til transportvilkår i Fjord1. 

God tur med Fjord1!