Biletet over frå venstre; skipsreiar Per Sævik, skipsførar MF Samlafjord Atle Sollesnes, og gudmor Sigrid Brattabø Handegard.

  

Tysdag føremiddag kunne administrerande direktør Dagfinn Neteland ønskje velkommen til den fjerde dåpsseremonien i Fjord1 på to dagar. 

Stolt mannskap

Gudmor Sigrid Brattabø Handegard og skipsførar Atle Sollesnes. 

Etter talen frå administrerande direktør Dagfinn Neteland var det klart for flaggskifte.

Mange møtte fram på kaia i Jondal, også barnehage og skuleklassar. Korpset spelte nasjonalsangen «Ja vi elsker». 

Gjestar og publikum vart invitert om bord. Kake og sveler er sjølvsagt på ein dåpsdag, og køa fram til servering vart lang!

  • Hybridferja MF Samlafjord har traffikert sambandet  Jondal–Tørvikbygd sidan 1. januar 2020.
  • Ferja er bygd ved Tersan Shipyard i Tyrkia, og kan ta 130 personbileiningar og 295 passasjerar.
  • MF Samlafjord går på batteristraum med back-up i ein dieselgenerator.
  • Ladetid på 6-9 minutt (tida varierer frå kai til kai, og ut frå overfartstida).