Prosjektleiar for realisering av Lavik-Oppedal, Odd Bjarte Johnsen, seier avgjersla om lokasjon er nøye vurdert opp mot fleire faktorar.

Tilgang til relevant arbeidskraft, nærleik til teknisk miljø og gode løysingar for bygningsmassen har vore sentrale moment, samtidig som at det er føreseieleg og langsiktig å etablere dette i eit bygg som vi eig sjølv.

Fjord1 skal drifte fire autonome ferjer på E39 over Sognefjorden frå september 2026, der eit av krava frå oppdragsgjevar Statens Vegvesen er at fartøya skal vere knytt til eit landbasert og bemanna kontrollsenter som skal overvake og kontrollere fartøya.

Byggjer for framtida

Prosjektleiar Johnsen fortel at det har vore viktig å vurdere tilleggsfunksjonar som seinare kan kome til eit kontrollsenter i Fjord1: 

Vi byggjer eit kontrollsenter for framtida, og difor må vi gjere sonderingar av andre funksjonar som kan leggast til seinare, utover oppgåvene knytt til Lavik-Oppedal, fortel Johnsen.

Kontrollsenteret vert bemanna med nautisk og maskin-teknisk kompetanse som går i vaktordning, og desse vil inngå som ein sentral del i drift av fartøy og samband.

Dette er det første døgnbemanna kontrollsenteret i ferjenæringa. Målet i dette prosjektet med autonomi er å gjere ferjeturen tryggare. Det vil vere mannskap både om bord og på land.