Hovudkontoret i Florø står ferdig oppussa og modernisert, om lag to år etter at første spadetak vart tatt i 2021.
Prosjektet har vore leia av Heidi Skorpen (leiar Servicesenteret);
- Dei første planane om oppussing av hovudkontoret starta ein på for mange år tilbake, men det stoppa opp. Når vi først kom skikkeleg i gong nokre år seinare, så har det gått slag i slag. Det har vore ein omfattande byggeprosess, men alt har stort sett gått etter planen med nokre mindre forseinkingar.
Fjord1 sitt administrasjonsbygg er bygd i tre seksjonar på tre etasjar kvar. Dei to første seksjonane vart teikna av Florø-arkitekt Kjell Hareide, og opna i 1986. Det er desse to seksjonane på til saman 2800 kvadratmeter som no er pussa opp.
Den tredje seksjonen, som mellom anna har ei flott kantine, stod ferdig i 2010. Dette er ein moderne seksjon som held god nok standard i mange år framover, og er difor ikkje med i prosjektet.
Første trinn i byggeprosessen, «Vestfløyen», stod klar i august i fjor. No er altså «Midtfløyen» ferdig oppussa og modernisert, og prosjektet er ved ende.
- Eg må vedgå at det er veldig godt å vere ferdig! Tilbakemeldingane frå dei tilsette er gode, så det er hyggeleg. Eg er jo inhabil, men eg må innrømme at eg er svært fornøgd sjølv, fortel prosjektleiaren (biletet under).
God samhandling
Ombyggingsprosjektet har involvert fleire tilsette og har mange døme på god samhandling mellom fleire avdelingar. Innkjøpsrådgjevar Arild Strømmen har vore tett på i heile byggeprosessen saman med prosjektleiar Skorpen. I tillegg har
innkjøpsrådgjevar Steffen Refsnes og IKT-driftskoordinator Ole Magnar Lillestøl halde eit handfast grep om innkjøp av IT-løysingane til dei nye arbeidsplassane og møteromma.
Servicesenteret har elles vore involvert i stort og smått kva gjeld flytting og organisering av møblement og dokument både inn og ut frå gamle og nye fasilitetar. Dei har også vore aktivt medverkande i utsmykkinga av dei nye lokala våre.
- Folk har vore tolmodige og hjelpsame i ombyggingsprosessen, og dette har nok vore ein svært viktig nøkkel i kabalen for å få dette til å gå opp, vedgår Skorpen.
Hybride løysingar – og på land
Målsettinga med renoveringa har vore å tenke framtidsretta for å sikre gode og moderne lokale som tilsette skal trivast i. Planløysingane skal gjenspegle at ein ønskjer å legge til rette for samarbeid, i tillegg til at arbeidskvardagen skal vere så optimal og effektiv som mogleg.
- Vi kallar det ei «hybrid kontorløysing». Det er ein mellomting av ope kontorlandskap, i kombinasjon med stillerom og samhandlingsrom. Løysingane må jo nesten stå i stil med dei innovative løysingane på sjø!
Ordføraren kasta glans
Til den formelle opninga vart det servert tapas, bobler og kaker. I tillegg kom ordføraren i Kinn kommune, Ola Teigen, og kasta glans over arrangement (til høgre i bileta under).
Etter klar beskjed frå administrerande direktør Dagfinn Neteland var det likevel prosjektleiaren sjølv som stod for snorklippinga;
- Det var sjølvsagt stas å få klippe snora! Alt i alt var det utruleg kjekt å markere nyoppussa hovudkontor på denne måten med alle tilsette frå administrasjonen samla. Det vart ein festleg og høgtideleg stemning over det heile.