Biletet over: Eit lite utval av leiande kvinner i Fjord1 sin administrasjon, f.v.; IKT-leiar Leni Kristiansen (startar 1.april), Økonomi- og finansdirektør Anne-Mari Sundal Bøe, leiar for Servicesenteret Heidi Skorpen, økonomileiar Ane Eliassen og finansleiar Merete Juel. 

 

Den internasjonale kvinnedagen vert markert kvart år den 8.mars. I Fjord1 har ein lenge hatt eit fokus på å auke kvinneandelen, både generelt i selskapet på sjø og land – men og i leiande stillingar.  

-Fjord1 ønskjer å sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter i leiande stillingar på alle nivå i viktige beslutningsprosessar. Vi er svært glade for at kvinneandelen i leiande stillingar aukar, samtidig som at vi sjølvsagt ser etter dei beste ressursane uavhengig av kjønn, fortel HR-leiar Cicilie Færestrand.

Berre kvinnelege leiarar

Økonomi- og finansdirektør Anne-Mari Sundal Bøe leiar eininga «Forretningsstøtte». Eininga omfattar Økonomi- og lønnsavdeling, HR-avdeling, Innkjøpsavdeling, IKT-avdeling og Servicesenteret, og utgjer over eit 40-tals tilsette i administrasjonen til Fjord1. 

Her er alle mellomleiarane kvinner: HR-leiar Cicilie Færestrand, leiar for Servicesenteret Heidi Skorpen, finansleiar Merete Juel, innkjøpsleiar Ingrid Namdal, økonomileiar Ane Eliassen og IKT-leiar Leni Kristiansen.

Økonomi- og finansdirektør Anne-Mari Sundal Bøe seier det er flott at Fjord1 satsar på kvinner i leiinga.

-Kvinner og menn skal ha like moglegheiter til å skape ei karriere i Fjord1. Når det er sagt, så er det flott å ha eit dyktig og kompetent kvinneleg team under seg. Det viser at det er godt mogleg å finne kvalifiserte kvinner som vil og kan leie. Tydelege verdiar, breidde og fleksibilitet er viktige stikkord i ei leiarrolle, seier Sundal Bøe (biletet under).

Kvinneandelen

I dag er kvinneandelen i administrasjonen på 36,7%, medan prosentandelen til sjøs er tradisjonelt lavare med 12,74%.

-Å jobbe på sjøen har tradisjonelt vore eit mannsdominert yrke. Blant leiande kapteinstillingar så har vi dessverre kun fem kvinnlege kapteinar i Fjord1 per i dag. Dette talet håpar vi sjølvsagt vil auke, fortel Færestrand.

Kvinner i Fjord1 (faste stillingar):

* Kvinneandel på land: 36,75% (av 117 stillingar er det 43 kvinner).
* Kvinneandel på sjø: 12,24 % (av 972 stillingar er det 119 kvinner).
* Kvinnenadel i leiande stillingar (kaptein, mellomleiar og toppleiar): 34,29 %

Adm.direktør rosar kvinnene

Ifølge Bufdir er den norske arbeidsmarknaden kjønnsdelt ved at kvinner og menn har ulike posisjoner i stillingshierarkiet. Kvinner er underrepresentert i toppstillingar i arbeidslivet.

Ifølgje statstikken er den øvste toppleiaren i Fjord1 noko meir «tradisjonell»; mann - 60 år. Administerande direktør Dagfinn Neteland har leia selskapet sidan 2014. Han treng ikkje nødvendigvis kvinnedagen som påskot for å rose kvinnene i selskapet.

- Kvinnene i Fjord1 gjer ein strålande innsats, og mange av dei sit i nøkkelstillingar som ville vore utfordrande å erstatte. Eg er svært glad for at kvinneandelen i Fjord1 veks, og då spesielt i leiande stillingar. Det er ingen tvil om at eit veldrive selskap treng ein jamnare andel kvinner og menn enn kva det er i mange selskap i dag, men i all hovudsak så handlar det ikkje om kvinneleg leiing, men om god leiing. Som selskap har vi og eit ansvar knytt til å legge til rette for at leiarstillingar er forenleg med til dømes familieliv. Eg håpar sjølvsagt at Fjord1 er eit slikt selskap. Vi har plass til mange fleire kvinner i skuta vår, avsluttar Neteland.