Biletet over frå venstre: Hovudtrenar for A-laget Dan Jøran Hafsås, dagleg leiar Kim Solheim, leiar for servicesenteret Heidi Skorpen og kommunikasjonsmedarbeidar Hilde Anita Røyrvik.

 

Breiddeidretten med barn og unge i fokus er den viktigaste målgruppa for Fjord1 si sponsorsatsing.

Selskapet har lang tradisjon for å støtte klubben på heimebane, og er stolt av å bidra til positiv aktivitet i byen der ca. 120 menneske har Fjord1 som arbeidsgjevar, anten ved hovudkontoret eller om bord i lokalbåtane som trafikkerer Florabassenget.

- Det kjennes difor svært naturleg å støtte Florø fotball. Vi ønskjer å vere ein engasjert samfunnsaktør, og spesielt i område med aktivitet og fartøy i rutedrift. Denne avtalen skal kome gutar og jenter i Florø fotball til gode, og det gler vi oss over, seier leiar for servicesenteret Heidi Skorpen.