8. februar startar arbeidet med å lage ein ny terminal på Fugleskjærskaia i Florø. I tida framover skal fleire bygg rivast, og det blir endringar i gangtrasé og plassering av busshaldeplass og venterom. 

  • Byggegjerde er allereie satt opp, rundt det vestlege bygget på kaia.
  • Dagens venterom vil bli stengt frå og med 12. februar, og det nye venterommet lengre vest på kaia vil bli tatt i bruk frå same dato. 
  • Busshaldeplass vil frå 15. februar bli flytta frå dagens plassering til å ligge langs fortauet ved starten av kaia 

På Skyss sine sider her vil saka bli oppdatert etterkvart, og eit kart med oversikt over busshaldeplass, venterom og tilrådd gangtrasé vil bli lagt ut.