Biletet f.v.: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre Jan Henrik Nygård, operativ leiar Bjørn Grønbech Barstad og Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen.

Klima og Miljøminister Ola Elvestuen og Sogn og Fjordane Venstre delte ut Miljøprisen for 2018 i helga. Juryen for prisen er styret i Sogn og Fjordane Venstre.

Fjord1 får prisen for det synlege beviset på at selskapet satsar på miljøriktige løysingar på skip, og ikkje minst arbeidet med elektrifisering av Anda-Lote og planlagt bygging av utsleppsfrie ferjer og rutegåande båtar, står det i grunngjevinga frå fylkesstyret.

- Fjord1 sitt samfunnsansvar påverkar menneska, miljøa og samfunnet rundt oss. Ved å bidra til utvikling, bruk og drift av energivennlege fartøy, bidreg Fjord1 til redusert forureining frå fartøya.Vi er stolt over å ha hovudkontoret for Fjord1 i fylket vårt, og vi ser at dei bidreg til eit komplett kompetansemiljø i fylket og på Vestlandet slik at Norge kan gå i front med nullutsleppsløysningar for skipsfart, skriv juryen i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane Venstre sin miljøpris var ein vatninspirert vase blåst på stein, laga av glaskunstnaren Merete Rein frå Aurland.