Biletet over f.v.; Kjell Inge Holmen og Steven Tangerås stortrivst som lærlingar i Fjord1. Dei jobbar begge ved eit av dei største sambanda i Noreg, Molde-Vestnes.

Ungdommane starta som lærlingar i Fjord1 i august i fjor. For å kome hit, gjekk dei begge Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP) det første året på vidaregåande skule. Det andre året tok dei Maritime fag, der Steven valte motormannfaget og Kjell Inge valte matrosfaget.

 

Motormann

Steven Tangerås er motormannlærling og har vore i Fjord1 i eit halvt år. Han har 1.5 år igjen av lærlingtida, og ser fram til alt som ventar han. 

Steven har lenge hatt interesse av motor, og likar å skru bil på fritida. Med ein far som jobbar på fiskebåt, har han alltid fulgt med og tenkt at det verkar kjekt å jobbe på sjøen. Rundt 15-årsalderen innsåg han at å jobbe som maskinist ville passe hans interesser.

- Eg trivst veldig godt i Fjord1! Det er hyggelege folk, og eit solid mannskap. I tillegg til dei vanlege oppgåvene som er mykje rutiner og vedlikehald, får ein som lærling moglegheit til å vere med på ein del utanom dei vanlege oppgåvene og. Dette er veldig kjekt, og ikkje minst lærerikt. I tillegg er det mykje spennande som skjer på teknologifronten som eg og ser fram til å lære meir om i tida som kjem. Gode turnusordningar og nærhet til heimen gjer at å jobbe på ferje er perfekt!

Etter endt læretid vil Steven søke fagskule innan motormannfaget, planen hans er å bli maskinsjef.

Om motormannfaget

Motormannfaget skal bidra til utvikling av fagkompetanse innan teknisk drift, vedlikehald og vakthald på skip og flytande installasjonar. Opplæringa skal fremme lærlingen si forståing for den tekniske drifta av fartøyet. Gjennom motormannfaget får du trening i alle delar av skipet si drift som inngår i ein motormann sine arbeidsoppgåver i tråd med krava. Opplæringa legg og vekt på sikkerheitsforståing og sikkerheitsprosedyrer. Opplæringa gjennomførast i samsvar med den internasjonale konvensjonen om normer for opplæring, sertifikat og vakthold for sjøfolk.

Les meir om motormannfaget på www.maritimkarriere.no

 

Matros

Kjell Inge Holmen er matroslærling i Fjord1, og stortrivst om bord i MF Fannefjord, som er ei av fire ferjer som trafikkerar sambandet Molde-Vestnes.

- Eg veit at eg er ein på stad der jobben eg gjer er viktig, noko som gjer jobben min enda meir interessant. Molde-Vestnes er eit av dei største sambanda i Noreg, med mykje folk og kjekke utfordringar kvar dag!

Kjell Inge Holmen (20) har vore på sjøen om lag heile oppveksten. Med ein far og ein onkel som allereie jobbar i Fjord1 og datterselskapet The Fjords, har han vore sikker i val av yrkesretning lenge. Etter endt lærlingtid er planen hans å gå styrmannskulen, for så å bli kaptein.

- Som lærling i Fjord1 får du vere med på veldig mykje interessant. Først og fremst gjer vi nok mykje av det same som på andre skip. Det er ein myte at ein som lærling på ferje billetterer mesteparten av tida, det er heilt feil. Det var nok ingen tilfeldighet at eg vart lærling i Fjord1, for det er ein god læreplass å vere i Noreg sitt største ferjeselskap. Fritid er og viktig for meg, og gode turnusordningar og nærhet til heimen er ein stor fordel som ein får ved å jobbe på nettopp ferje. Eg ser fram til alt som ventar meg her, og om berre få veker får eg vere med på eit spennande verkstadopphald.

Om matrosfaget

Opplæringa skal legge til rette for ein praktisk og variert opplæring i rutiner og system om bord, samt gje fagkompetanse med moglegheit for vidare fordjupning og spesialisering innanfor maritim verksemd. Opplæringa på VG2 Maritime fag omfattar fellesfag og programfaga dokumentasjon og kvalitet, drift og operasjon, skipstekniske tenester og prosjekt til fordjupning.

Som matros er du fagarbeidaren i dekksavdelinga, og har ein allsidig arbeidsdag med mange ulike oppgåver. Du jobbar med alt frå vedlikehald, lasting og lossing, til vaktteneste og rutinar ved skipet sin ankomst og avgong. Som matros bør du like varierte arbeidsoppgåver, og gjerne ha ein sterk praktisk sans. Du må vere effektiv, nøyaktig og glad i å samarbeide.

Les meir om matrosfaget på www.maritimkarriere.no

 

Søk læreplass i dag!

Ønskjer du å bli lærling i Fjord1 og går på skule: Legg inn Fjord1 som læreplass i weblærling innan 1.mars.

Er du ferdig med skule, så må du kontakte Opplæringskontoret for Maritime fag i Ålesund eller Maritimt Opplæringskontor Sør/Vest Norge.

Har du andre spørsmål, kontakt HR-medarbeidar Camilla Nordal pr. epost: camilla.nordal@fjord1.no