Digital bilbestilling gir våre reisande fleire nye fordelar:

  • Oversikt: Du får raskt oversikt over kor mange bilplassar som er tilgjengeleg på den aktuelle ruta, og du vil lett kunne sette deg opp på ei eventuell venteliste om det er fullt (og samtidig sjå kor du er på ventelista).
  • Stadfesting på SMS/Epost: Du mottek ei stadfesting på bestillinga direkte på SMS og e-post. Ein kan og bestille plass på ein avgang som er full og stå på venteliste. Ein mottar melding dersom det blir ledig plass, og blir automatisk sett inn på avgangen.
  • Enkelt å avbestille: Det vert enklare å avbestille reservasjonen, ved å klikke på tilsendt lenke i SMS/Epost. Du mottar deretter ei ny melding om at bilplassen er avbestilt. (NB: Frist for avbestilling er 6 timar før avgang).

Gå direkte til bilbestilling i ruter nord og vest her!

Gå direkte til bilbestilling i ruter sør her!

 

Slik gjer du det

Ein kan bestille bilplass maks 4 veker fram i tid og inntil 60 minutt før avgang, det er berre høve til å legge inn ei bestilling per avgang og bilen må ha med førar under overfarten.
Framgangsmåten for bilbestilling er ganske  sjølvforklarande, men under er ei forenkla utgåve:

  1. Vel kva samband du skal reise med i øverste boks
  2. Vel dato for reisa i neste boks
  3. Vel den strekninga og avgangen du ønskjer i boksane under og klikk på knappen «Bestill bilplass» (Det kjem no opp ein ny boks med talet på ledig bilplassar og tidspunktet du har valt)
  4. Legg inn registreringsnummeret på bilen
  5. Kryss av for biltypen du skal ha med
  6. Legg inn namn, e-post adr. og mobilnummer
  7. Har du andre merknader til bestillinga legg du dette inn i kommentarboksen
  8. Hak av for samtykke nederst og stadfest bilbestillinga di

 

- Vi håpar at våre reisande i Florabassenget ønskjer dette framsteget velkommen, og dreg nytte av dei moglegheitene som no vert tilgjengelege, fortel operativ leiar i Region 2 Sigrunn Hellebust (frå venstre), leiar for Servicesenteret Heidi Skorpen og IKT-leiar Børge Nordal i Fjord1.

Ein kan også reservere bilplass hos Fjord1 Servicesenter på tlf.nr.  57757000.

Riktig god tur med Fjord1!