Ekspressbåtar

Fjord1 tek over ekspressbåtrutene mellom Strandkaiterminalen i Bergen til Nordfjord og Sogn 1. desember 2026.

Kjøp billett i dag

Vi gleder oss til å ønskje deg velkommen!

Med moderne fartøy, omtanke for deg som reisande, og ei sterk tilknyting til Vestlandet ser vi fram til å frakte folk trygt og komfortabelt mellom by og bygd!  

For mange er ekspressbåten ein viktig del av kvardagen, enten du pendlar, er student eller reiser for å besøke bestemor. For andre er båtreisa ein del av ferien dei har drømt om så lenge.

Dette er strekningane som du kan reise

Fint å vite før og under reisa

Klar for avgang

Planlegg reisa di med Fjord1.

Om bord i båten

Nyt turen og opplevinga.

Rutetider

Sjå rutetidene i PDF. 

Seniorkort

Snart kan du kjøpe seniorkortet. 

Ofte stilte spørsmål

Kan eg ta med hund på reisa?

Ja, du kan ta med hund på reisa. Du bestiller plass til hunden samtidig som du kjøper båtbillett. Hundar blir plasserte på tildelt plass av mannskapet. På grunn av allergiar blant andre reisande kan vi dessverre ikkje garantere tilgang til salongen. Vi anbefaler difor at du tek med eige hundebur.

Kan eg reise med elektrisk rullestol?

Ja, du kan ta med elektrisk rullestol på reisa. Du kan reservere plass til rullestolen kostnadsfritt samtidig som du bestiller båtbillett. Rullestolplassen er plassert like i nærleiken av andre seter. Det er universell utforming på hovuddekk i alle fartøy inkludert hovudsalong, kiosk og toalett. Ta gjerne kontakt med mannskapet for spørsmål og assistanse før og under reisa.

Er det enkelt å jobbe om bord?

Vi legg til rette for at du kan arbeide effektivt om bord på ekspressbåtane. Du kan forvente ei komfortabel reise med gratis internett og stikkontaktar lett tilgjengeleg. På reisa kan du ta med bagasje på opptil 20 kg kostnadsfritt.

Vi har eit stort utval av mat og drikke i kiosken om bord dersom du blir svolten på reisa.

På ekspressbåtane finst det ulike typer seter du kan velge imellom. Ein del seter er plassert ved bord, medan andre seter har klappbord som har plass til ein PC.

Kan eg lade mobil og PC om bord?

Ja, du kan enkelt lade mobil, PC og liknande om bord. Stikkontaktar er tilgjengeleg ein rekke stader i salongane både oppe og nede i båten.

Vi ønskjer dine innspel

Kva er viktig for deg når du reiser med ekspressbåt? Vi ønskjer å forstå behova til dei som skal bruke rutene, slik at vi kan utvikle eit best mogleg tilbod frå første dag.

Svar på spørreundersøkinga her!  

Dine erfaringar og ønskje er viktige for korleis vi formar tilbodet vidare.