Bergen - Balestrand - Sogndal

Reis komfortabelt og effektivt med hurtigbåt frå Strandkaiterminalen i Bergen og inn i den vakre Sognefjorden.  

Kjøp billett

Kvar dag gjennom året går ekspressbåten mellom Bergen, Balestrand og Sogndal. I tillegg går det eit fjordcruise til Balestrand, Aurland og Flåm i perioden 1. april – 31. oktober.  

Uansett om du er på ferie, pendlar, eller skal besøke nokon så kjem du deg trygt frå A til B i våre moderne båtar. Ekspressbåten gir deg den kortaste reisetida, samanlikna med buss!

Rutetider i PDF

Kor stoppar ekspressbåten?

Ekspressbåten stoppar på sentrumsnære kaier i by og bygd langs kysten av fjordnorge. Dei fleste stoppa har anløp kvar dag, men ikkje alle. Sjå i rutetabellen for fleire detaljar.   

Stoppestadar på heilårsruta mellom Bergen - Balestrand - Sogndal:

Bergen ~ Lygra ~ Vardetangen ~ Mjømna ~ Skjerjehamn ~ Sollibotn ~ Rysjedalsvika ~ Lavik ~ Nordeide ~ Vik ~ Balestrand ~ Leikanger ~ Sogndal

Stoppestadar på fjordcruiset mellom Bergen – Sogn - Flåm, 1. april – 31. oktober:  

Bergen ~ Lygra ~ Vardetangen ~ Skjerjehamn ~ Sollibotn ~ Rysjedalsvika ~ Lavik ~ Nordeide ~ Vik ~ Balestrand ~ Leikanger ~ Aurland ~ Flåm

Gode prisar og rabattar

Enten du er pensjonist, student, reiser med familien eller kjøper tur/retur-billett, skal du få ei god reiseoppleving til ein god pris. Les meir her!

Servering om bord

I kiosken kan du kjøpe varme og kalde rettar, snacks og forfriskingar.
Snart tilbyr vi også frukostpakke!

I framtida kan du førehandsbestille ein frukostpakke til 10 % rabatt samtidig som du bestiller båtbillett.

Frukostpakkane består av grovt rundstykke m/ost og skinke, yoghurt, vatn, kaffi/te inkl.påfyll, eller varm sjokolade. 

Ofte stilte spørsmål

Kan eg ta med hund på reisa?

Ja, du kan ta med hund på reisa. Du bestiller plass til hunden samtidig som du kjøper båtbillett. Hundar blir plasserte på tildelt plass av mannskapet. På grunn av allergiar blant andre reisande kan vi dessverre ikkje garantere tilgang til salongen. Vi anbefaler difor at du tek med eige hundebur.

Kan eg reise med elektrisk rullestol?

Ja, du kan ta med elektrisk rullestol på reisa. Du kan reservere plass til rullestolen kostnadsfritt samtidig som du bestiller båtbillett. Rullestolplassen er plassert like i nærleiken av andre seter. Det er universell utforming på hovuddekk i alle fartøy inkludert hovudsalong, kiosk og toalett. Ta gjerne kontakt med mannskapet for spørsmål og assistanse før og under reisa.

Er det enkelt å jobbe om bord?

Vi legg til rette for at du kan arbeide effektivt om bord på ekspressbåtane. Du kan forvente ei komfortabel reise med gratis internett og stikkontaktar lett tilgjengeleg. På reisa kan du ta med bagasje på opptil 20 kg kostnadsfritt.

Vi har eit stort utval av mat og drikke i kiosken om bord dersom du blir svolten på reisa.

På ekspressbåtane finst det ulike typer seter du kan velge imellom. Ein del seter er plassert ved bord, medan andre seter har klappbord som har plass til ein PC.

Kan eg lade mobil og PC om bord?

Ja, du kan enkelt lade mobil, PC og liknande om bord. Stikkontaktar er tilgjengeleg ein rekke stader i salongane både oppe og nede i båten.

Kvifor velge ekspressbåt?

Det er mange grunnar til at både fastbuande og tilreisande vel å reise med ekspressbåt.

Fjordcruice - avslappende
Avslappande reise

Fjordcruice - nært sentrum
Sentrumsnære stopp

Fjordcruice - vakker natur
Naturen undervegs

Fjordcruice - jobbe ombord
Tid til jobb og studiar

Fjordcruice - kort reisetid
Kort reisetid

Fjordcruice - familie
Enkelt å reise med barn