Rabattar
Reis fleire for mindre! Vi tilbyr rabattar for barn, studentar, honnørreisande og familiar, slik at det blir enklare å planlegge ei reise som passar både behova og budsjettet ditt.
- 50 % rabatt for barn og honnør
- 40 % rabatt for studentar
- 25 % ekstra rabatt ved kjøp av tur/retur-billett
- Familiepris: Maksimum 204 kroner per barn som reiser saman med ein betalande vaksen. Familierabatten gjeld for opptil fire barn per vaksen, og maksimalt to vaksne og åtte barn per bestilling.
- Ungdomsbillett frå Skyss
- Seniorkort (meir informasjon kjem på seinare tidspunkt).
Kor stoppar ekspressbåten?
Finn stoppestaden din og sjå kor båten kan ta deg. Dei fleste stoppa har anløp kvar dag, men ikkje alle. Sjå alle stoppestadane under, eller i rutetabellen for fleire detaljar.
Stoppestadar mellom Bergen – Nordfjord – Bergen:
Selje ~ Måløy ~ Leirgulen ~ Smørhamn ~ Florø ~ Askvoll ~ Krakhella ~ Rysjedalsvika ~ Skjerjehamn ~ Sollibotn ~ Mjømna ~ Vardetangen ~ Lygra ~ Bergen
Stoppestadar på heilårsruta mellom Bergen – Sogndal – Bergen:
Bergen ~ Lygra ~ Vardetangen ~ Mjømna ~ Skjerjehamn ~ Sollibotn ~ Rysjedalsvika ~ Lavik ~ Nordeide ~ Vik ~ Balestrand ~ Leikanger ~ Sogndal
Stoppestadar på fjordcruiset mellom Bergen – Sogn - Flåm – Bergen, 1. april – 31. oktober:
Bergen ~ Lygra ~ Vardetangen ~ Skjerjehamn ~ Sollibotn ~ Rysjedalsvika ~ Lavik ~ Nordeide ~ Vik ~ Balestrand ~ Leikanger ~ Aurland ~ Flåm
Setereservasjon
Gjer reisa enda enklare ved å sikre deg favorittplassen din om bord. Meir informasjon om setereservasjon kjem snart.