Det er mykje å oppleve langs kysten og i fjordane! Med seniorkort kan du lene deg tilbake, nyte utsikta og la sjølve reisa bli ein del av opplevinga til ein god pris.

1. desember 2026 tek Fjord1 over ekspressbåtrutene Bergen–Florø–Måløy–Selje, og Bergen–Balestrand–Sogndal–Flåm.

Har du seniorkort frå før?

I perioden 1.–31. desember 2026 kan du bruke det eksisterande seniorkortet ditt om bord på Fjord1 sine ekspressbåtar.

Seniorkort for 2027

Fjord1 lanserer snart eit nytt seniorkort for 2027. Kortet gir reisande over 65 år anledning til å reise med ekspressbåt til ein god pris.

Meir informasjon om kjøp, vilkår og bruk kjem snart på denne sida.

  

Vi gleder oss til å sjå deg om bord!