Kva er viktigast når du reiser med ekspressbåt? Korleis ønskjer du at reisa skal vere? Og kva kan vi gjere for å skape ei best mogleg kundeoppleving?
Ved å svare på undersøkinga gir du oss verdifulle innspel som vi tek med oss inn i arbeidet med å utvikle det nye tilbodet.
Svar på spørjeundersøkinga her: Kva er viktig for deg som reiser med ekspressbåt?
Vi set stor pris på om du også deler undersøkinga med andre som reiser eller kan tenke seg å reise med ekspressbåt. Jo fleire som svarar, desto betre grunnlag får vi for å utvikle eit tilbod som møter behova til dei reisande.
Takk for hjelpa!