Ledige stillingar (NY)

Hos oss blir du ein del av eit framoverlent, innovativt og leiande selskap innan maritim transport. Her får du moglegheit til å utvikle deg – enten du vil jobbe på sjø eller land. Vi ser alltid etter nye, kompetente medarbeidarar! 



Karriere på sjø eller land?


I Fjord1 blir du tatt godt imot av hyggelege kollegaer og onboardingsprogram. Her får du ein trygg start og god innsikt i både arbeidskvardagen, retningslinjer og kulturen vår. Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø, og støttar både medarbeidar- og leiarutvikling. Velferden i selskapet gir deg tilgang til gunstige rabattavtalar, bedriftshytter, sosiale arrangement og fellesturar. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt utval stillingar på sjø og land.





Møt våre tilsette


Gjennom imøtekommande og profesjonell service, skal våre tilsette gjere reisa på fjorden til ein sikker, komfortabel og saumlaus oppleving.




Vi er stolte av å vere det leiande ferjeselskapet


Vi er stolte av å vere i front når det gjeld grøn teknologi og framtidsretta transportløysingar. I Fjord1 jobbar vi saman – på sjø og land – for å skape ei berekraftig reiseoppleving for alle. Vi er så mykje meir enn ferje, svele og kaffi! 








Vil du vite meir om oss?