Arbeidsoppgåver 

Vårt cateringpersonale spelar ei sentral rolle i å tilby mat og drikke til passasjerane og sikre at dei har ei komfortabel og hyggeleg reise.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene inkluderer førebuing og servering av måltid og drikkevarer til passasjerar, vedlikehald og reingjering av spisestadar og kjøkken, handtering av matlager og forsyningar, handtering av kundebestillingar og betalingar, og sørge for at passasjerane har ein triveleg matoppleving om bord.

Kvalitetar 

Som tilsett i catering må du vere serviceinnstilt, og evne å handtere kundar med omsorg og vennlegheit, effektivitet og organisering. Du må kunne handtere bestillingar og servering, hygiene og reinhald, og evnar å jobbe som ein del av eit team for å levere ei god matoppleving for passasjerane.

Kommunikasjon og samarbeidsevner er også viktige eigenskapar for å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø og handtere eventuelle utfordringar som måtte oppstå. Våre tilsette i catering spelar ei sentral rolle i å gje passasjerane ein positiv oppleving om bord. 

Arbeidstider og turnus 

Våre tilsette går i ulike ordningar, alt etter behov. Det kan vere turnusarbeid, dagvakter, faste timar og ekstrahjelp på timebasis.

Catering i Fjord1

Vi driv vårt eige matkonsept i Ferdamat, kjenneteikna av nylaga mat av høg kvalitet. Du kan lese meir om konseptet her; Catering i Fjord1.

Som tilsett i cateringen finn du stillingar som salsmedarbeidar, sal- og kampanjeansvarleg, restaurasjonsassistent og restaurasjonsmedarbeidar.

Bli med oss på reisa. Søk i dag og ta det første steget mot ein givande jobb!

Sjå våre ledige stillingar innan catering her!