Viktoria Grannes har tidlegare arbeidd som overstyrmann på Boknafjorden om bord i MF Stavangerfjord.

Tida var inne for å søke nye utfordringar på land, og eg kjenner Fjord1 godt og trivst i selskapet, så det var veldig kjekt å få halde fram i landorganisasjonen!

Viktoria har gått gradene i Fjord1 etter at ho begynte som kadett om bord i MF Stavangerfjord i 2016.

Etter kadettåret gjekk ho inn i vikariatstillingar som 1.styrmann om bord i MF Stavangerfjord og seinare også MF Fanafjord. I januar 2019 fekk ho fast stilling som 1.styrmann på MF Stavangerfjord, før ho eit par år seinare takka ja til stillinga som overstyrmann på same fartøy.

Når tida var inne for nye utfordringar nokre år seinare, var operativ leiar glad for å kunne tilby ho oppgåver på land;

Viktoria gir regionen ein verdifull dimensjon ved å ha gått gradene frå kadett til overstyrmann, i tillegg tilfører ho mykje lokalkunnskap frå samband ho har ansvaret for. Viktoria si erfaring som overstyrmann er verdifull, så vi er veldig glade for at ho vil jobbe her på kontoret med oss.

Viktoria ser fram til å bli ein del av gjengen på kontoret i Bergen: 

Eg gler meg til å samarbeide med alle dei hyggelege kollegaane som eg har både på sjø og land, og samtidig trivst eg godt med dei nye utfordringane og arbeidsoppgåvene, så eg ser fram til fortsettinga.