Arbeidsoppgåver
Som lærling eller kadett vil du få praktisk opplæring og erfaring innan sjøfart. Dette inneber deltaking i navigasjonsarbeid under oppsyn, opplæring i sikkerheitsprosedyrar som bruk av redningsutstyr og brannsikkerheit, lasting og lossing av last, observasjon av maskinrommet, læring av kommunikasjon med mannskap og passasjerar, og deltaking i generelle skipssdriftsoppgåver som vedlikehald og reinhald.
Som lærling eller kadett deltek du i svært mange ulike oppgåver om bord, og sikrar på denne måten hands-on erfaring og kunnskap om sjøfart.
Kvalitetar
Dei viktigaste kvalitetane du må ha som lærling eller kadett er nysgjerrigheit og vilje til å lære. Du er ansvarleg og punktleg, oppteken av for å følgje sikkerheitsprosedyrar, arbeider godt som ein del av eit team, og kan kommunisere tydeleg med mannskap og passasjerar.
Du må evne å handtere tekniske utfordringar, samtidig som du må kunne utføre oppgåver under oppsyn. Det er viktig med ei grunnleggande interesse for maritim drift og sjøfart for å tileigne seg mest mogleg kunnskap og erfaring i læretida/kadett-tid om bord.
Arbeidstider og turnus
Du inngår i same vaktordning som resten av mannskapet, som er eit turnussystem der du til dømes jobbar to veker om bord, etterfylgt av to veker fri. Denne turnusen varierer avhengig av skipstype og oppdrag, og gir deg fleksibilitet og balanse mellom arbeid og fritid.
Lærling/kadett i Fjord1
Du vil bli ein viktig ressurs hos oss, der du vert inkludert i mange arbeidsoppgåver som vi meiner skal gje deg ei variert læretid der du får testa deg sjølv og eigne kunnskapar.
Vi har eit godt samarbeid med opplæringskontora og du blir fylgt tett opp.
Som lærling eller kadett hos oss får du ein unik sjanse til å kombinere lidenskap for sjøen med praktisk erfaring og fagleg kunnskap. Innan dei maritime faga kan du ta læretid som matros eller skipsmotormekaniker (motormann).
Bli med oss på reisa. Søk i dag og ta det første steget mot ei maritim karriere!