Viktige funksjonar "bak kulissene" 

Sjå ledige stillingar i administrasjonen her!

Det skjer også mykje på landsida i Fjord1 - ikkje berre på sjøen! Administrasjonen vår er ryggrada i organisasjonen, og sørger for at drifta går smidig, sikkert og framtidsretta.

Hos oss finn du fagmiljø innan økonomi, HR, IT, innkjøp, sikkerheit, nybygg, prosjekt og drift. Kvar eining bidreg med spesialisert kompetanse og tett samarbeid på tvers av avdelingar.

Arbeidsoppgåvene spenner om eit vidt spekter frå strategisk planlegging og budsjettstyring, til utvikling av digitale løysingar og støtte til dei maritime miljøa.

Vi ser etter medarbeidarar som er:

  • strukturerte, løysingsorienterte og positive
  • gode på samarbeid og kommunikasjon
  • nysgjerrige på teknologi og utvikling
  • engasjerte i berekraft og samfunnsansvar