Sogn - Bergen

Fjord1 tek over ekspressbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn 1. desember 2026.

Vi gleder oss til å ønskje deg velkomen om bord!

Med moderne fartøy, omtanke for deg som reisande, og ei sterk tilknyting til Vestlandet ser vi fram til å frakte folk trygt og komfortabelt mellom by og bygd!  

For mange er ekspressbåten ein viktig del av kvardagen, enten du pendlar, er student eller reiser for å besøke bestemor. For andre er båtreisa ein del av ferien dei har drømt om så lenge.

Rutetider og bilettar

Vi arbeider med dei siste førebuingane til oppstart. Billettsalet opnar her i veke 40.

Rabattar

Enten du er pensjonist, student, reiser med familien eller kjøper tur/retur-billett, skal du få ei god reiseoppleving til ein god pris.

  • 50 % rabatt for barn og honnør
  • 40 % rabatt for studentar
  • 25 % ekstra rabatt ved kjøp av tur/retur-billett
  • Familiepris: Maksimum 204 kroner per barn som reiser saman med ein betalande vaksen. Familierabatten gjeld for opptil fire barn per vaksen, og maksimalt to vaksne og åtte barn per bestilling.
  • Ungdomsbillett frå Skyss

Ofte stilte spørsmål

Kan eg ta med hund på reisa?

Ja, du kan ta med hund på reisa. Du bestiller plass til hunden samtidig som du kjøper båtbillett. Hundar blir plasserte på tildelt plass av mannskapet. På grunn av allergiar blant andre reisande kan vi dessverre ikkje garantere tilgang til salongen. Vi anbefaler difor at du tek med eige hundebur.

Kan eg reise med elektrisk rullestol?

Ja, du kan ta med elektrisk rullestol på reisa. Du kan reservere plass til rullestolen kostnadsfritt samtidig som du bestiller båtbillett. Rullestolplassen er plassert like i nærleiken av andre seter. Det er universell utforming på hovuddekk i alle fartøy inkludert hovudsalong, kiosk og toalett. Ta gjerne kontakt med mannskapet for spørsmål og assistanse før og under reisa.

Er det enkelt å jobbe om bord?

Vi legg til rette for at du kan arbeide effektivt om bord på ekspressbåtane. Du kan forvente ei komfortabel reise med gratis internett og stikkontaktar lett tilgjengeleg. På reisa kan du ta med bagasje på opptil 20 kg kostnadsfritt.

Vi har eit stort utval av mat og drikke i kiosken om bord dersom du blir svolten på reisa.

På ekspressbåtane finst det ulike typer seter du kan velge imellom. Ein del seter er plassert ved bord, medan andre seter har klappbord som har plass til ein PC.

Kan eg lade mobil og PC om bord?

Ja, du kan enkelt lade mobil, PC og liknande om bord. Stikkontaktar er tilgjengeleg ein rekke stader i salongane både oppe og nede i båten.

Vi ønskjer dine innspel

Kva er viktig for deg når du reiser med ekspressbåt? Vi ønskjer å forstå behova til dei som skal bruke rutene, slik at vi kan utvikle eit best mogleg tilbod frå første dag.

Svar på spørreundersøkinga her!  

Dine erfaringar og ønskje er viktige for korleis vi formar tilbodet vidare. 

Vi tilbyr frukostpakke!

    
I kiosken kan du kjøpe varme og kalde rettar, snacks og forfriskingar. 

Du kan også førehandsbestille ein frukostpakke til 10 % rabatt samtidig som du bestiller båtbillett.

Frukostpakkane består av grovt rundstykke m/ost og skinke, yoghurt, vatn, kaffi/te inkl.påfyll, eller varm sjokolade. 

179 kroner ved førehandsbestilling - 199 kroner om bord. 

Klar for avgang

For ein trygg og smidig ombordstiging ber vi alle reisande om å stille seg i kø og vente på tur der det kan oppstå trengsel med mykje folk, spesielt på kaiene i Bergen og Florø.

Vi minner difor om at ombordstiging skjer i denne rekkefølgja:

  1. Reisande med nedsett rørsleevne.
  2. Familiar med små barn.
  3. Reisande med setereservasjon.
  4. Øvrige reisande.

Vi ber deg respektere køordninga og følgje tilvisingar frå mannskapet.

Velkommen om bord til oss i Fjord1!