1. Formål og verkeområde 

Desse avbestillings- og refusjonsvilkåra gjeld for alle førehandskjøpte billettar hos Fjord1.  
 
Reisedokumentasjon må skrivast ut frå internett, mail eller visast frå mobiltelefon. Vises fram ved om bordstigning eller undervegs på overfarta. 
 
Vilkåra gjeld for både: 

  • Passasjerar  
  • Køyretøy 

 

2. Avbestillingsfristar 

2.1 Ordinær avbestilling av billett 

Gratis avbestilling fram til 48 timar før avgang. 

2.2 Avbestilling av reservasjon for køyretøy (bilplass) 

For ruter der kapasitet og dekksdisponering er kritisk: 

  • Frist for gratis avbestilling: 48 timar før avgang 

 

3. Refusjonsreglar 

3.1 Full refusjon ved feil frå operatør 

Kunden har rett på full refusjon dersom avgangen blir: 

  • kansellert av operatøren 

 

4. Manglande / forseinka oppmøte 

  • Oppmøtefrist er 30min før avgang for køyretøy og 15 min for passasjerar. 
  • Kunde som ikkje møter opp i tide, reknast som ”no-show” og får ingen refusjon. 

Turoperatør blir fakturert for bestilt antall gjennom bookingsystem. 

 

5. Ekstraordinære omstende 

Det blir ikkje gitt erstatning for tap som følgje av: 

  • vêrforhold som gjer transporten utrygg (fritaksgrunn jf. EU 1177/2010) [regjeringen.no] 
  • offentlege påbod, hamnestengingar, streik hos tredjepart 
  • naturhendingar, sabotasje, tryggleiksrelaterte tiltak 

Kunden får likevel full refusjon dersom avgangen må kansellerast grunna slike hendingar. 

 

6. Behandling av refusjonar 

  • Refusjon skjer etter avbestilling i bookingsystem. Utbetaling vil normalt skje i løpet av 2-3 virkedagar. Ha bestillingsopplysningar klare.  
  • Treng du veiledning, ta kontakt på post@fjord1.no eller tlf. 57 75 70 00 i opningstid måndag til fredag 08.00 – 16.00.