Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i Noreg. Vi leverer ei rekke tenester knytt til ferjer og passasjerbåtar, i tillegg til catering og reiseliv. 

Fjord1 er eit føregongsselskap på områda sikkerheit, innovasjon, teknologi og miljø. 

Vi har som mål å vere den tryggaste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg og påliteleg transport til kundar, oppdragsgjevarar og samarbeidspartnarar. 

Vi investerer også i lav- og nullutsleppsteknologi, og vi satsar på elektrifisering av det norske fjordsambandet. Samtidig tar vi på alvor det viktige ansvaret vi har som leverandør av kritisk infrastruktur til Kyst-Noreg. 

Fjord1 har ein nullvisjon for tap av liv, skadar på menneske, større utslepp og store skadar.