Fjord1 har lagt bak seg eit spennande år med oppstart av tre heilelektriske samband. I dag seglar totalt sju ferjer heilelektrisk og innan utgangen av 2020 vil dette auke til totalt 29 elektriske ferjer. Det har vore ein tidkrevjande prosess å utvikle teknologien og bygge ut ladesystem for elektrisk ferjedrift, men i dag kan vi dokumentere at teknologien fungerer i tråd med føresetnadene.

Fjord1 sine samla driftsinntekter i 2019 er 2 724 millionar MNOK, som er ein nedgang på 12% med bakgrunn i endring i kontraktsportefølje. Selskapet har gjort store investeringar i fartøy, ombygging av fartøy og infrastruktur i 2019. Dette beløper seg totalt til 2 399 MNOK.

EBITDA i 2019 er på 819 millionar NOK, ein nedgang frå 2018 på 232 millionar NOK. Resultat etter skatt vart 215 millionar NOK samanlikna med 540 millionar NOK i 2018.

- 2019 var eit «overgangsår» med endringar i kontraktporteføljen, store investeringar og tilrettelegging for oppstart av seks nye kontraktar 01.01.2020. Fjord1 leverer også i år eit sterkt resultat i eit år prega av store endringar og særs høg aktivitet, dette er vi godt nøgd med, seier Neteland.

Fjord1 er i ferd med å fullføre eit omfattande program for fornying av ferjeflåten som vil gje den største elektrifiserte flåten i Noreg. Dette vil gje ein reduksjon i miljøutslepp og er eit viktig steg på vegen mot selskapet sin visjon om å bli den mest miljøvenlege tilbydaren av ferjetransport.

- Storparten av arbeidet med å elektrifisere ferjesambanda vil bli sluttført i 2020. Også innanfor reiselivsområdet arbeider vi vidare med miljøvenlege løysingar. Her er det mange moglegheiter og med gode resultat i ryggen held vi fram vår grøne reise mot nullutslepp på fjordane, avsluttar Neteland.

Les børsmelding her