Bergen-Flåm: Fjordcruice på Sognefjorden

Bli med oss på ei minnerik reise frå Strandkaiterminalen i Bergen og vidare gjennom eit av dei vakraste landskapa Norge har å by på – og inn til den sjarmerande bygda Flåm, lengst inne i fjordarmen.

Kjøp billett

Fjordcruise alle dagar 1. april – 31. oktober

08:00 Avgang frå Strandkaiterminalen i Bergen sentrum.  
13:40 Ankomst Flåm kai. Tid på eiga hand i den sjarmerande bygda.
15:30 Retur med ekspressbåt frå Flåm kai til Bergen.
20:45 Ankomst Strandkaiterminalen i Bergen.

Det er også mogleg å ta Fjordcruise èin veg, frå Bergen til Flåm eller Flåm til Bergen på like tidspunkt som i oversikta. 

Bratte fjellsider, mektige fossefall og idylliske bygder gjer dette til ei oppleving du seint vil gløyme. Reis komfortabelt med våre moderne ekspressbåtar og opplev fjorden. Den 5,5 timar lange reisa mellom Bergen og Flåm kan du nyte frå komfortable stolar i salongen eller ute på dekket, tett på naturen og utsikta.

I kiosken om bord finn du eit godt utval av mat og drikke, frå den populære Fjord1-svela til frukost, lunsjrettar, kaffi og forfriskningar. Les meir om tilbodet her! 

Prisar 2027

1. april – 17. mai

Vaksen NOK 1349

Barn (0-5 år) NOK 0

Barn (6-17 år)* NOK 649

Honnør (+67 ) NOK 999

Student NOK 999

Familie, 2 vaksne og 2 barn (6-17 år)*: NOK 3099

18. mai – 31. august

Vaksen NOK 1449

Barn (0-5 år) NOK 0

Barn (6-17 år)* NOK 719

Honnør (+67) NOK 1449

Student NOK 1449

Familie, 2 vaksne og 2 barn (6-17 år)*: NOK 3299

 

1. sept. – 31. oktober

Vaksen NOK 1349

Barn (0-5 år) NOK 0

Barn (6-17 år)* NOK 649

Honnør (+67) NOK 999

Student NOK 999

Familie, 2 vaksne og 2 barn (6-17 år)*: NOK 3099

 

* Når barn reiser saman med ein betalende vaksen, er maks pris pr. barn 209 ,- pr. veg. Det kan vere maks 4 barn per familie (ikkje per voksen) inkl. barn under 6 år.

Ofte stilte spørsmål

Mange lurar ofte på det same. Her er ei oversikt med ofte stilte spørsmål og svar. 

Kan eg ta med hund på reisa?

Ja, du kan ta med hund på reisa. Du bestiller plass til hunden samtidig som du kjøper båtbillett. Hundar blir plasserte på tildelt plass av mannskapet. På grunn av allergiar blant andre reisande kan vi dessverre ikkje garantere tilgang til salongen. Vi anbefaler difor at du tek med eige hundebur.

Kan eg reise med elektrisk rullestol?

Ja, du kan ta med elektrisk rullestol på reisa. Du kan reservere plass til rullestolen kostnadsfritt samtidig som du bestiller båtbillett. Rullestolplassen er plassert like i nærleiken av andre seter. Det er universell utforming på hovuddekk i alle fartøy inkludert hovudsalong, kiosk og toalett. Ta gjerne kontakt med mannskapet for spørsmål og assistanse før og under reisa.

Er det enkelt å jobbe om bord?

Vi legg til rette for at du kan arbeide effektivt om bord på ekspressbåtane. Du kan forvente ei komfortabel reise med gratis internett og stikkontaktar lett tilgjengeleg. På reisa kan du ta med bagasje på opptil 20 kg kostnadsfritt.

Vi har eit stort utval av mat og drikke i kiosken om bord dersom du blir svolten på reisa.

På ekspressbåtane finst det ulike typer seter du kan velge imellom. Ein del seter er plassert ved bord, medan andre seter har klappbord som har plass til ein PC.

Kan eg lade mobil og PC om bord?

Ja, du kan enkelt lade mobil, PC og liknande om bord. Stikkontaktar er tilgjengeleg ein rekke stader i salongane både oppe og nede i båten.