Bergen-Flåm: Fjordcruice på Sognefjorden

Sognefjorden er den lengste og vakraste fjorden i verda. Bli med Fjord1 på ei minnerik reise gjennom eit av dei vakraste landskapa Norge har å by på – frå den pulserande kystbyen Bergen, gjennom tronge fjordar og inn til den sjarmerande bygda Flåm, lengst inne i fjordarmen

Kvar dag i perioden 1. april til 31. oktober kan du bli med oss på ein vakker båttur mellom høgreiste fjelltoppar og djupe fjordar.

Sognefjorden blir ofte kalla «Kongen av fjordane», og med god grunn! Bratte fjellsider, mektige fossefall som stupar rett ned i fjorden og sjarmerande bygder på rekke og rad gjer Sognefjorden ei oppleving av dei sjeldne. Opplevd Sognefjorden slik dei lokale gjer det, og nyt ei komfortabel reise med Fjord1 sine moderne ekspressbåtar.

Fjordcruiset startar på Strandkaiterminalen i Bergen sentrum. Først får du oppleve eit vakkert kystlandskap med tronge sund og tusenvis av små øyar. Etter to timar langs kysten startar båten på turen innover Sognefjorden. I løpet av båtturen har du utsikt til Jostedalsbreen, små gardar på høge fjellhyller og den utroleg smale Aurlandsfjorden - som på nokon stader er berre 2 km brei!

Dei 5,5 timane om bord frå Bergen til Flåm kan du nyte i våre behageleg stolar i salongen, eller du kan gå ut på dekket utandørs for å få utsikten enda tettare på. Det er kiosk om bord med mange smakfulle alternativ: frå vår verdensberømte svele, til frukost, middagsrettar, forfriskningar og kaffi med påfyll.

Fjordcruiset med Fjord1 startar på Strandkaiterminalen i Bergen sentrum. Først får du oppleve eit vakkert kystlandskap med tronge sund og tusenvis av små øyar. Etter 2 timar langs kysten startar båten på turen innover Sognefjorden som er ein av verdas djupaste fjorder. I løpet av båtturen har du utsikt til Jostedalsbreen, små gårdar på høge fjellhyller i Aurlandsfjorden, turen inn Aurlandsfjorden passere vi innløpet til Nærøyfjorden som er på Unesco verdarvliste  (som på nokon stader er berre 200 m brei!). 

Fjordcruise alle dagar 1. april – 31. oktober

08:00 Avgang frå Strandkaiterminalen i Bergen sentrum.
13:40 Ankomst Flåm kai. Tid på eiga hand i den sjarmerande bygda.
15:30 Retur med ekspressbåt frå Flåm kai til Bergen.
20:45 Ankomst Strandkaiterminalen i Bergen.

Det er også mogleg å ta Fjordcruise èin veg, frå Bergen til Flåm eller Flåm til Bergen på like tidspunkt som i oversikta. Uansett om du reiser tur/retur Flåm – Bergen, eller ein veg kan du bestille billettar her.

Prisar

Prisar 2027

                    1.april - 17.mai 18.mai - 1.sept. 2.sept. - 31.okt.
Voksen      
Barn (6-17 år)      
Honnør (+67 år)      
Student (18-29 år)      
Barn under 6 år      

 

Prices 2027

1. april – 17. mai

 

Adult NOK 127

Child (6-17 years) NOK

Child (0-5 years) NOK

Senior +67 NOK

Student (18-29 år) Kr

 

18. mai – 1. sept.

 

Voksen Kr

Barn (6-17 år) Kr

Honnør (+67) Kr

Student (18-29 år) Kr

Barn under 6 år Kr

 

2. sept. – 31. okt.

 

Voksen Kr

Barn (6-17 år) Kr

Honnør (+67) Kr

Student (18-29 år) Kr

Barn under 6 år Kr

 

 

Døme på pris gjelder Bergen-Flåm, reiser du andre plasser har det annen pris

* Når barn reiser saman med ein betalende vaksen, er maks pris pr. barn ***,- pr. vei. Det kan være maks 4 barn perfamilie (ikkje per voksen) inkl. barn under 6 år.


 

Bestill di reise her

Ofte stilte spørsmål

Mange lurar ofte på det same. Her er ei oversikt med ofte stilte spørsmål og svar. 

Kan eg ta med hund på reisa?

Ja, du kan ta med hund på reisa. Du bestiller plass til hunden samtidig som du kjøper båtbillett. Hundar blir plasserte på tildelt plass av mannskapet. På grunn av allergiar blant andre reisande kan vi dessverre ikkje garantere tilgang til salongen. Vi anbefaler difor at du tek med eige hundebur.

Kan eg reise med elektrisk rullestol?

Ja, du kan ta med elektrisk rullestol på reisa. Du kan reservere plass til rullestolen kostnadsfritt samtidig som du bestiller båtbillett. Rullestolplassen er plassert like i nærleiken av andre seter. Det er universell utforming på hovuddekk i alle fartøy inkludert hovudsalong, kiosk og toalett. Ta gjerne kontakt med mannskapet for spørsmål og assistanse før og under reisa.

Er det enkelt å jobbe om bord?

Vi legg til rette for at du kan arbeide effektivt om bord på ekspressbåtane. Du kan forvente ei komfortabel reise med gratis internett og stikkontaktar lett tilgjengeleg. På reisa kan du ta med bagasje på opptil 20 kg kostnadsfritt.

Vi har eit stort utval av mat og drikke i kiosken om bord dersom du blir svolten på reisa.

På ekspressbåtane finst det ulike typer seter du kan velge imellom. Ein del seter er plassert ved bord, medan andre seter har klappbord som har plass til ein PC.

Kan eg lade mobil og PC om bord?

Ja, du kan enkelt lade mobil, PC og liknande om bord. Stikkontaktar er tilgjengeleg ein rekke stader i salongane både oppe og nede i båten.

Kart