Dei har ulike vegar inn i maritim næring, men dei er einige om at fjordane, ferjene og folka i Fjord1 gjer at dei trivst ekstra godt i jobben.

– Her får eg både ansvar og variasjon

Camilla Mo er overstyrmann om bord i MF Stangvikfjord, som trafikkerer Kvanne–Rykkjem. Overfarten er på knappe ti minutt – og tempoet er høgt heile dagen. Med 68 daglege avgangar blir det mykje manøvrering, samarbeid og raske vurderingar.

– Vi er eit lite, men veldig godt team om bord, seier Camilla.

Ho jobbar to veker på og to veker av, og når ho har fri, reiser ho heim til Risør.

Camilla starta på TIP på vidaregåande og valde deretter maritime fag. Etter to år som lærling i Kystvakta tok ho fagbrev som matros, før ho bygde vidare til styrmann på fagskulen.

– Det finst veldig mange utviklingsmoglegheiter i Fjord1. Ønskjer du å ta steg vidare, er det både støtte og sjansar til det.

Som kvinne i eit tradisjonelt mannsdominert yrke har ho følt seg godt ivaretatt: 

– Eg har alltid blitt godt teken imot. Samtidig hadde det vore kjekt med fleire jenter på dekk og i maskin, vedgår ho.

Frå fiske og fangst – til skipsførar

Stine Mari Nordholmen er skipsførar om bord i MF Sunnylvsfjord mellom Stranda–Liabygda. Ho starta karriera med fagbrev i fiske og fangst, men fann raskt ut at ferjenæringa freista.

– Det starta som ein sommarjobb på turistferje. Eg trivst så godt at eg har blitt verande – og no har det gått 19 år!

Etter teknisk fagskule i Ålesund vart ho styrmann, og etter kvart kaptein. I dag har ho hovudansvar for både navigasjon, sikkerheit og den operative drifta om bord i ferja.

– Det beste med jobben er alle dei kjekke folka. Det betyr enormt mykje for arbeidskvardagen, seier ho.

Ho peikar også på kor stor utvikling ferjedrifta har hatt dei siste åra.

– Eg har fått vere med på elektrifisering, nye digitale system og ei grøn omstilling. Det skjer noko heile tida – og det er inspirerande.

Stine Mari var gudmor for MF Sunnylvsfjord i 2024.
Stine Mari var gudmor for MF Sunnylvsfjord i 2024.

-Heldig som får jobbe her

Både Camilla og Stine løftar fram arbeidsmiljøet som ein av dei viktigaste grunnane til at dei trivst så godt i Fjord1. 

Dei opplever ein kvardag med høgt ansvar, god støtte frå kollegaer og spennande utfordringar – midt mellom fjell, fjord og stadig nye teknologiske løysingar.

– Det er eit privilegium å ha dette som arbeidsplass. Eg gleder meg til dei fleste dagar på jobb, seier Stine.

Camilla er einig:

– Eg føler meg utruleg heldig som får jobbe her.