I samband med Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober støttar Fjord1 kampanjen «Chat for livet», i regi av Kirkens SOS. Målet er å gjere det enklare for menneske som har det vanskeleg å finne nokon å snakke med.

Mange, særleg unge, føretrekker å skrive framfor å snakke når livet kjennest tungt. Gjennom kampanjen ønskjer Kirkens SOS å gjere SOS-chat meir synleg og tilgjengeleg for dei som treng støtte, med det viktige bodskapet: Du er ikkje aleine. Det finst hjelp å få.

Synleg informasjon på skjermane om bord

Som ansvarleg samfunnsaktør ønskjer Fjord1 å bidra til å sette psykisk helse på dagsorden og dele informasjon om hjelpetilbodet. I kampanjeperioden vil bodskapet vere synleg på informasjonsskjermar om bord på mange samband og i sosiale medium, i tillegg til andre kommunikasjonskanalar eksternt og internt.

Chat for livet - Kirkens SOS 

Kirkens SOS mottok over 265 000 førespurnader på chat i fjor. SOS-chat er eit anonymt lavterskeltilbod der brukarar kan kome i kontakt med frivillige som lyttar.

Treng du nokon å snakke med?

Kirkens SOS har døgnope telefonteneste på 22 40 00 40, og SOS-chaten har utvida opningstider i kampanjeveka 5.-11.oktober.