Ombygginga av Måløy ferjekai har starta. Samtidig skal MF Hornelen gjennom ei planlagd ombygging som del av førebuingane til den nye kontrakten.

I samband med ombyggingsarbeidet ved Måløy ferjekai har Skyss stilt krav om at det blir nytta ferje med thruster på sambandet Måløy-Oldeide. For å oppfylle dette kravet må Fjord1 omdisponere fleire fartøy i ein periode.

Frå 13. september blir MF Nordfjord flytta frå sambandet Askvoll-Værlandet til Måløy-Oldeide. Reservefartøy vil i denne perioden trafikkere Askvoll-Værlandet fram til midten av oktober.

Frå midten av oktober blir det gjennomført ei ny omrokkering. Då blir MF Davik flytta frå Askvoll-Fure-Gjervik til Måløy-Oldeide, medan MF Nordfjord vender tilbake til Askvoll-Værlandet. Reservefartøyet blir då sett inn på Askvoll-Fure-Gjervik.

Omrokkeringane er nødvendige for å sikre trygg drift medan arbeidet på Måløy ferjekai pågår. Vi er klar over at endringane kan påverke regulariteten på enkelte samband i periodar, men dette er den beste løysinga for å sikre eit trygt og  stabilt ferjetilbod medan oppgraderingane blir gjennomførte, seier regionleiar Jan Petter Thomsen.

Reisande blir oppmoda til å halde seg oppdaterte på trafikkmeldingar på fjord1.no. Eventuelle avvik og endringar i rutetilbodet vil bli varsla fortløpande.

Fakta oppsummert

  • MF Hornelen er ute av drift for planlagd ombygging frå 13. september 2026 til 12. mars 2027.
  • MF Nordfjord går frå Askvoll-Værlandet til Måløy-Oldeide frå 13. september til om lag 19.-26. oktober.
  • MF Bjørnsund/MF Sognefjord trafikkerer Askvoll-Værlandet i denne perioden.
  • Frå andre halvdel av oktober blir MF Davik flytta frå Askvoll-Fure-Gjervik til Måløy-Oldeide.
  • Reservefartøy blir då sett inn på Askvoll-Fure-Gjervik.
  • Endringane er knytt til kaiutbetringar ved Måløy ferjekai og krav til trygg drift i anleggsperioden.