I berekraftsrapporten for 2025 viser vi korleis Fjord1 jobbar målretta for å redusere klimaavtrykket og styrke rolla vår som ein leiande aktør i den maritime næringa.
Rapporten gir innsikt i konkrete tiltak, resultat og prioriteringar innan klima, miljø, samfunnsansvar og styring. Årets berekraftsrapport er utarbeidd på engelsk og i tråd med CSRD-standarden.
For å gjere innhaldet meir tilgjengeleg, har vi etablert ei eiga berekraftsside der du enkelt kan få oversikt over hovudtrekka i rapporten. Her har vi løfta fram sentrale fakta og skrive korte artiklar som vi håpar gir god innsikt i arbeidet vårt. Klikk deg inn på sida her: Berekraft - Fjord1
Les berekraftsrapporten
For dei som ønskjer å lese rapporten, ligg den sjølvsagt tilgjengeleg for gjennomlesing både her Berekraftsrapport og i PDF her:
- Vi i Fjord1 håpar rapporten gir ei betre forståing av korleis arbeidet vårt heng saman, frå den daglege drifta til langsiktige strategiske val, og korleis vi saman bidreg til ei meir berekraftig utvikling.