Lavik - Oppedal tilbake til Fjord1
Lavik - Oppedal er eitt av dei viktigaste ferjesambanda i Noreg og ei sentral transportåre på E39 over Sognefjorden – og frå hausten tilbake hos Fjord1.
Kontrakten er ei stor satsing for Fjord1, og selskapet går inn i oppdraget med lang maritim erfaring og kompetanse bygd opp over tid. Målet er å sikre eit trygt, stabilt og føreseieleg ferjetilbod frå første driftsdag, samstundes som sambandet skal vidareutviklast gjennom kontraktsperioden.
Automatisering med mennesket i sentrum
Fjord1 sitt utgangspunkt er å kombinere det beste frå menneske og teknologi, der teknologien handterer enkle og føreseielege oppgåver, medan menneskeleg kompetanse er avgjerande i situasjonar som krev vurderingar, skjønn og handtering av avvik.
Gjennom prøveperioden byggjer Fjord1 erfaring med kva oppgåver teknologien kan løyse på ein trygg og forsvarleg måte, og kva oppgåver som framleis krev menneskelege vurderingar. Denne erfaringa legg grunnlaget for korleis menneske og teknologi best skal spele saman i drifta, og vil danne grunnlag for å sjå nærare på framtidige drifts- og bemanningsløysingar.
Driftsløp for Lavik - Oppedal
Innføringa skjer stegvis. Først etablerer Fjord1 ordinær og stabil drift av sambandet. Deretter følgjer ein periode med utprøving og verifisering av nye løysingar, før automatiserte funksjonar gradvis kan takast i bruk.
Prosjektleiar Odd Bjarte Johnsen fortel at Fjord1 vil i tida framover arbeide tett med styresmakter, samarbeidspartnarar og eigne tilsette for å sikre ein trygg og smidig oppstart av drifta:
– Vi er opptekne av at nye løysingar skal byggje tillit hos både tilsette og passasjerar, og difor skjer utviklinga stegvis, med menneske i sentrum og høge krav til tryggleik.
Vi gler oss til oppstart
Fjord1 vil dele meir informasjon om fartøy, drift, teknologi og organisering etter kvart som prosjektet når nye milepålar.
– Lavik–Oppedal er eit viktig samband for reisande, næringsliv og lokalsamfunn. Vi arbeider kvar dag for å vere best mogleg førebudde til overtakinga, og no ser vi fram til å ta over drifta frå 1. september 2026, seier teknologi og prosjektdirektør Nils Kristian Berge.