Fire fartøy frå start
Frå første driftsdag blir rutetilbodet utvida til fire fartøy, og Lavik - Oppedal blir drifta som eit ordinært, driftssikkert ferjesamband med den tryggleiken og det føreseielege tilbodet som reisande skal kunne vente på eit riksvegsamband. Ved oppstart møter dei reisande to godt kjende ferjer. MF Stavanger og MF Oppedal går på sambandet i dag og blir med vidare etter overtakinga, saman med Fjord1 sine fartøy MF Lifjord og MF Hjørundfjord. Desse fire trafikkerer sambandet frå oppstart, medan dei nye fartøya blir fasa inn etter levering og testing.
– Vi startar med ein velprøvd driftsmodell, og legg samtidig til rette for vidare utvikling. Menneske har ei sentral rolle i drifta både om bord og på land, og beredskapen rundt dei reisande skal vere like god uavhengig av driftsform, seier administrerande direktør Geir Mjelde.
Nye ferjer på veg inn
Dei fire nye batteriferjene – MF Skagastøl, MF Fanaraaken, MF Ringstind og MF Storebjørn er under ferdigstilling på verft i Tyrkia. Leveransane er dessverre forseinka og vil skje fortløpande utover hausten. Fartøya blir så fasa inn på sambandet eitt om gongen, etter klargjering i Noreg og ein innleiande testperiode.
Ferjene tek 120 personbileiningar og 399 passasjerar kvar. Dei er bygde som «standard» ferjer, men med system for automatiserte funksjonar i tillegg. Målet er at fleire av dei daglege operasjonane i ordinær drift skal utførast av automatiserte funksjonar. Fartøya vil alltid vere bemanna, også etter at ny teknologi er tatt i bruk.
Utviklingskontrakt frå Statens Vegvesen
Lavik - Oppedal er ei utviklingskontrakt, der store ferjekontraktar blir brukte til å drive utviklinga i transportsektoren framover – tidlegare mot elektrifisering og nullutslepp, no mot automatisering. Gjennom kontrakten skal ny teknologi utviklast, testast og takast i bruk i ordinær ferjedrift, og erfaringane skal gi kunnskap om korleis automatiserte funksjonar kan bidra til trygg, effektiv og påliteleg drift av framtidas ferjesamband.
- Gjennom den nye kontrakten får trafikantane eit betre ferjetilbod med høgare frekvens og god kapasitet. Samtidig skal kontrakten bidra til å byggje kunnskap og erfaring med automatiserte funksjonar i ferjedrifta, som kan leggje grunnlag for framtidige ferjekontraktar og vidare utvikling av sektoren, seier avdelingsdirektør Dag Hole i Statens vegvesen.
Slik blir ny teknologi teken i bruk
Før nye funksjonar blir tekne i bruk, skal det gjennomførast eit testprogram saman med leverandørar og maritime styresmakter. Kvar funksjon blir innført først når han er dokumentert trygg og forsvarleg, og godkjend for ordinær drift.
Fjord1 sin filosofi er å kombinere det beste frå menneske og teknologi. Oppgåver som er enkle, gjentakande og føreseielege eignar seg for automatisering, medan menneskeleg kompetanse er avgjerande i situasjonar som krev skjønn, og når noko uventa skjer.
Gjennom testperioden skal ein verifisere at dei daglege operasjonane som skal automatiserast, fungerer trygt og forsvarleg i praksis, og at samspelet mellom teknologi og mannskap fungerer slik det skal. Kontrollsenteret i Florø er ein viktig del av dette samspelet, og skal bidra med overvaking, støtte og oppfølging av dei tekniske løysingane etter kvart som dei blir tekne i bruk.
– Teknologien vil overta fleire oppgåver etter kvart, men aldri på kostnad av tryggleiken. Difor tek vi den tida som trengst. Det er tryggleiken, ikkje kalenderen, som avgjer tempoet, understrekar administrerande direktør Geir Mjelde.
Landinfrastruktur på Lavik og Oppedal
Fleire avgangar krev meir ladekapasitet, og straumnettet er difor forsterka på begge sider av fjorden. Anlegga er dimensjonerte for å lade ferjene direkte, utan batteri som mellomlagring på land.
Utover hausten held arbeidet fram, både med ladeanlegga og med nye system og funksjonar på og rundt oppstillingsplassane. Etter kvart som delane blir ferdige, går dei inn i testprogrammet på lik linje med det øvrige, og blir tekne i bruk når dei er klare.
Eit trygt tilbod frå første dag
– Lavik - Oppedal er eit av dei viktigaste ferjesambanda i landet, og først og fremst handlar det no om å komme godt i gang og gi dei reisande eit trygt og føreseieleg tilbod frå første dag. Samstundes startar vi eit løp der nye fartøy, ny infrastruktur og ny teknologi skal fasast inn steg for steg. Vi kjem tilbake med meir etter kvart som vi når nye milepålar, seier teknologi- og prosjektdirektør Nils Kristian Berge.