Overleveringa av MF Skagastøl markerer ein viktig milepæl i utviklinga av ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal.
Ferja er den første av fire nye batterihybridferjer som skal trafikkere sambandet. Bygginga av dei tre neste fartøya held fram, med levering fortløpande gjennom vinteren og våren.
– Dette er ein viktig dag for prosjektet og for alle som har arbeidd for å få den første ferja ferdig. Overleveringa er resultatet av eit omfattande samarbeid mellom verftet, leverandørar, klasseselskap, styresmakter og vår eiga prosjektorganisasjon. Mange har lagt ned ein stor innsats for å kome hit, seier administrerande direktør i Fjord1, Geir Bruvik Mjelde.
Bygde for framtidas ferjedrift
Dei nye ferjene er batteridrivne og bygde med teknologi som legg til rette for gradvis innføring av automatiserte funksjonar. Gjennom utviklingskontrakten med Statens vegvesen skal nye løysingar utviklast, testast og innførast steg for steg.
Målet er å bygge erfaring og kunnskap om korleis automatiserte funksjonar kan bidra til trygg og effektiv ferjedrift. Fartøya vil vere bemanna, og tryggleik skal vere styrande gjennom heile utviklingsløpet.
Set kursen frå Tyrkia til Noreg
Etter overleveringa i dag startar MF Skagastøl seglasen frå Tyrkia til Noreg. Turen er på om lag 3700 nautiske mil, og framdrifta vil vere avhengig av vêr- og sjøforhold undervegs.
Når ferja kjem til Noreg, går prosjektet inn i neste fase med klargjering, testing, opplæring og innfasing på sambandet.
– No flyttar mykje av arbeidet seg frå bygging til førebuing for drift. Vi skal teste løysingane, gjere oss erfaringar og sørgje for at både fartøy, teknologi og organisasjon er godt førebudde. Vi går fram stegvis og forsvarleg, med tryggleik som det viktigaste omsynet, avsluttar prosjektleiar Odd-Bjarte Johnsen.