Sjøfartsdirektoratet har i dag innvilga at MF Veøy og MF Bolsøy kan gå i rute mellom Geiranger og Hellesylt gjennom heile sesongen 2026.
– Dette er svært gledeleg, og gir ein tryggheit både for oss og for marknaden. Dette stadfestar at vårt publiserte rutetilbod står seg gjennom heile sesongen, seier driftsdirektør André Høyset.
Godkjenninga betyr at ferjesambandet Geiranger–Hellesylt vil bli drive i samsvar med dei rutetabellane som allereie er annonserte. Kundar, samarbeidspartnarar og reiselivsaktørar kan dermed legge til grunn at rutetilbodet for 2026 blir gjennomført som planlagt.
Frå 1.juni trafikkerer Fjord1 sambandet med to fartøy. MF Bolsøy har trafikkert Geiranger-Hellesylt sidan 1.april, og frå 1. juni driftar også MF Veøy Geirangerfjorden.
– Det viktigaste for oss no er å vere tydelege på at vi leverer i tråd med det vi har kommunisert. Denne avklaringa frå Sjøfartsdirektoratet stadfestar at vi har eit robust og føreseieleg tilbod for heile sesongen 2026, avsluttar Høyset.