Kontrakten vart tildelt av Skyss, og gjeld frå 1. desember 2026 til 1. desember 2029 – med mogleg forlenging i inntil tre år.
– Kontrakten er ein milepåle i Fjord1 si satsing for å vekse i den norske hurtigbåtmarknaden. Det gir også synergiar for eksisterande aktivitet i Bergen med hurtigbåt og eit viktig bein i reiselivssegmentet, seier administrerande direktør Geir Bruvik Mjelde.
Miljø var eit element i evalueringa av tilbydar, der det er lagt opp til konvensjonell drift av fartøya. Dagens rutestruktur, rutetider og minstekravet til kapasitet vert i all hovudsak vidareført i nye kontrakten.
- Det er svært gledeleg at Fjord1 på nytt blir operatør av rutene mellom Nordfjord, Bergen og Sogn. Dette er eit oppdrag som har djupe røter i Fjord1. Etter karensperioden og kontraktsignering startar vi umiddelbart arbeidet med førebuingane til oppstart.
I konkurransen om kontrakten var det lagt stor vekt på både pris og miljø. Fjord1 sitt tilbod kom best ut på pris, i tillegg til ein høg standard på klima- og miljø.