Selskapet meiner det framleis står att uavklarte spørsmål knytt til både feil faktum og forskjellsbehandling i myndigheitene si behandling av saka.
Bakgrunnen for saka er at Sjøfartsdirektoratet 8. mai 2026 gav Fjord1 ein midlertidig dispensasjon frå nullutsleppskravet for MF Veøy og MF Bolsøy. Begge fartøya har vernestatus frå Riksantikvaren og ei lang historie i trafikken på Geirangerfjorden. Dispensasjonen gjorde det mogleg å oppretthalde drifta fram til utgangen av oktober 2026 medan søknaden om varig dispensasjon vart behandla.
Den midlertidige dispensasjonen vart seinare omgjord av Klima- og miljødepartementet etter klage frå ein konkurrent.
Fjord1 meiner framleis at saka reiser prinsipielle spørsmål knytt til både uriktige faktiske opplysningar og usakleg forskjellsbehandling. Selskapet har mellom anna peika på at departementet la til grunn feil opplysningar om moglegheita for nullutsleppsfart i Geirangerfjorden, og at Fjord1 er blitt behandla annleis enn andre operatørar som har fått dispensasjonar i området.
– Vi meiner det framleis er sentrale spørsmål knytt til både feil faktum og forskjellsbehandling som ikkje er avklarte. Desse spørsmåla ønskjer vi å få prøvd vidare, og Fjord1 vil difor anke kjennelsen, seier administrerande direktør Geir Bruvik Mjelde.
Fjord1 tek tingretten si avgjerd til etterretning, men er usamd i vurderingane som ligg til grunn. Selskapet vil difor innstille drifta på strekninga frå fredag 4. september til og med tysdag 8. september, medan saka blir følgd opp vidare gjennom rettssystemet.