Len deg tilbake i eit mjukt sete i salongen og sjå landskapet passere medan du sjølv sit trygg, tørr og varm inne. Ta deg tid til å lese avisa eller kople av med ei god bok, nyt landskapet, utsikta eller ein kopp kaffi.  

Du kan sjekke e-posten, ta den viktige telefonen, avtale eit møte og få unna arbeid.

På fleire av ferjesambanda er det tilgang til straumuttak og gjestenett i ferjesalongen. Gjestenettet baserer seg på mobilt samband, og den tilgjengelege bandbreidda kan difor variere.