Mandag morgon gjekk MF Fannefjord sin første "LNG-hybrid"-tur frå Molde til Vestnes. Den batteridrivne ferja er heilt unik i sin klasse, fortel prosjektleiar Kim Gunnar Jensen.

- Dette er den første ferja i verda kor ein kombinerar gassdrift med batteri, noko vi sjølvsagt er veldig stolte av å presentere.

MF Fannefjord var i utgangspunktet ei gassferje, som Fjord1 i samarbeid med Siemens, LMG Marin og Fiskerstrand Verft har konvertert til hybridferje.

Med det nye hybridkonseptet går MF Fannefjord omlag 80 % av driftstida med ein gassmotor saman med batterisystemet. Dette vil gje eit kutt i forbruk av brennstoff, og mindre utslepp. Til forskjell opererar dagens gassferjer vanlegvis med to gassmotorar.

- Vi går spennande tider i møte med ny, framtidsretta og miljøvennleg batteriteknologi, og vi gler oss til å sjå korleis LNG hybridferja fungerar i rute, avsluttar Jensen.