Med den fremste og mest miljøvennlege teknologien skal dei nye ferjene, MF Rovdehorn og MF Skopphorn, trafikkere sambandet Sykkylven-Magerholm i Ålesund kommune. Ferjene er allereie sett inn i sambandet, som etter kontrakta skal vere på plass først frå nyttår.

MF Rovdehorn vart overlevert til Fjord1 i sommar, medan MF Skopphorn vart levert frå Leirvik i oktober. Fartøya er bygd som plug-in hybrid med lading frå land. Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er svært tilfreds med resultatet.

- Vi er stolte over dette prosjektet, som resulterer i at vi leverer flotte, moderne fartøy i god tid før krava til oppdragsgjevar. Saman med våre dyktige samarbeidspartnarar i Havyard Design & Solution i Fosnavåg, Havyard Ship Technology i Leirvik og Cemre Shipyard i Tyrkia, er det gjort eit glimrande arbeid. Det er gledeleg å sjå at ferjene driftar godt allereie, og vi ser fram til at fartøya skal operere sambandet med den mest miljøvennlege teknologien som finst, seier Neteland.

På podiet: Adm.direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, gudmor Ragnhild Berge, Vegard Sævik i Havila, skipsførar Ingmund Eliassen, Geir Johan Bakke i Havyard. 

MF Skopphorn vart døypt først. Champagneflaska som gudmor Ragnhild Berge hadde fått tildelt må ha vore laga av same materiale som ferjeskroget, for flaska ville berre ikkje knuse. Men til slutt gjekk det endeleg etter oppskrifta. Då gjekk det lettare for Solveig Stokkeland, som var gudmor for MF Rovdehorn. Hennar flaske vart knust på andre forsøket. – Det er slik innstillinga vår i Fjord1 er: Vi prøver heilt til vi får det til, sa administrerande direktør Dagfinn Neteland.

Flinke musikantar representert ved Hatlehol korps spelte på kaia under dåpen.

Servering av kaffi, mineralvatn, sveler og kaker i teltet. 

MF Rovdehorn vart døypt litt seinare på ettermiddagen, ved gudmor Solveig Stokkeland.

På podiet: adm.direktør Dagfinn Neteland, gudmor Solveig Stokkeland, Vegard Sævik frå Havila, skipsførar Geir Solevåg, Geir Johan Bakke frå Havyard.

Etter at dåpsseremoniane var overstått på Magerholm ferjekai, vart det arrangert omvisningstur med MF Rovdehorn. Seinare på kvelden var det dåpsmiddag med talar og gåveoverrekkingar på Storfjord hotell. Gudmødrene gav kr. 30.000 til Redningsselskapet.

Fjord1 har drifta sambandet mellom Sykkylven og Magerholm sidan oppstarten i 1931. Frå 2020 utgjer sambandet ein del av «Sulapakken» der Hareid-Sulesund og inngår.