Fjord1 fekk eit resultat før skatt på 675 millionar kroner i 2018 av ein omsetnad på 3 102 millionar kroner, og legg bak seg nok eit år med gode resultat og fokus på effektiv og sikker drift. Fjerde kvartal 2018 viser eit resultat før skatt på 121 millionar kroner.

Det er signert kontrakt for drift av tre store anbodskontraktar i Møre og Romdal i 2018.  Romsdalspakken og Indre Sunnmøre-kontrakta har ei varigheit på 14 år, medan Nordmørspakken er på 10 år med oppstart 1.1.2020. Den samla verdien av kontraktsporteføljen til selskapet er 22 milliardar kroner.

-Dei nye anbodskontraktene set krav til låg- eller nullutslepp og miljøvennlege fartøy, og vi er godt i gong med å elektrifisere flåten vår. I 2018 tok vi imot sju el-nybygg, og ved oppstart av nye kontraktar i 2020 vil Fjord1 ha nærmare 30 elektriske fartøy i drift. Frå 2020 er det oppstart av fire store kontraktar der ytterlegare ni samband inngår i tillegg til dagens samband, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.  

Fjord1 starta verdas første heilelektriske samband på Anda-Lote i 2018. To nye batteriferjer trafikkerer sambandet med høg fokus på miljø- og energieffektivitet - utan å gå på kompromiss med verken tryggleik, trafikkeffektivitet eller kapasitet.

Fjord1 har inngått ein intensjonsavtale med NSB-konsernet om etablering av eit felles nasjonalt reiselivsselskap. Målet er å tilby miljøvennlege reiselivspakkar over heile Norge, utvikle nye turistdestinasjonar og bidra til heilårsturisme.

-I 2019 og framover skal Fjord1 fortsette å ha rolla som det leiande selskapet i ferjenæringa, gjennom brei erfaring frå ferjedrift, stor fleksibilitet i flåten og miljøvennlege investeringar. God, sikker og effektiv drift, saman med nasjonal reiselivssatsing vil vere heilt sentralt i åra framover, seier Neteland.