Biletet f.v: Administrerande sjef i Sogn og Fjordane Skikrins Yngve Thorsen, HR-direktør i Fjord1 Andrè Høyset, adm.direktør Fjord1 Dagfinn Neteland, og leiar i alpinkomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins Atle Hamar. 

     

Fjord1 held fram som hovudsponsor til Sogn og Fjordane Skikrins til 2018. Det er klart etter at partane har signert ei treårig samarbeidsavtale.  

Andrè Høyset, HR-direktør i Fjord1 seier avtalen skal kome både innbyggarar i Sogn og Fjordane, og tilsette i Fjord1 til gode.

-Vi i Fjord1 er opptekne av å bidra som ein støttespelar til idretten i fylket, og vi meiner Sogn og Fjordane Skikrins gjer eit flott og viktig arbeid som Fjord1 ønskjer å vere ein del av. Avtalen sikrar alpinmiljøa eit godt grunnlag for å halde fram det lokale klubbarbeidet, og i skianlegga i Sogn og Fjordane. Fjord1 har også internt sterkt fokus på fysisk aktivitet, og vi håpar vi kan legge til rette for at fleire vil besøke dei flotte skianlegga i fylket vårt.

Fjord1 har vore hovudsponsor til Sogn og Fjordane Skikrins sidan 2004. Den nye avtalen sikrar samarbeid mellom partane fram til september 2018. Leiar i alpinkomiteen, Atle Hamar ser fram til vidare samarbeid.

-Ein hovudsamarbeidspartnar med eit sterkt lokalt og regionalt engasjement er noko vi ønskjer å identifisere oss med. Fjord1 er ein viktig samarbeidspart for alpinsatsinga i fylket, og ikkje minst særdeles viktig for å sikre vår positive utvikling i Sogn og Fjordane. No sikrar vi også vidareføring av «Fjord1 AlpinCup» og dei tradisjonsrike «Fjord1 Alpinsamlingane», og vi kan arbeide innanfor gode sportslege rammer, seier Hamar.

Les pressemelding her.