Foto: Katrin Moe.

 

På denne 2,5 timar lange ferjeturen tek Fjord1 reisande med gjennom ærverdige Nærøyfjorden, omkransa av ein storslått natur med majestetiske fossefall og mektige fjell.  

- Som alltid ønskjer Fjord1 å gje våre reisande ei god oppleving, men denne ferjeturen er spesielt stas å kunne tilby. Vi kjem inn som ein stolt driftsoperatør, og ser fram til å ta imot årets sommarturistar, fortel driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset.   

Etter to år med pandemi og særs redusert aktivitet innan reiselivet, vert åres sommarsesong spennande.

- Det er difor spesielt gledeleg at vi allereie dei første dagane kan stadfeste at vi seglar med høgt belegg, fortel Høyset.

Gjennom sommarsesongen kombinerer ein turane til/frå Gudvangen med heilårssambandet Kaupanger – Frønningen, som og får eit utvida tilbod gjennom sommarmånadane.

Prøv ruta med Fjord1 

Fjord1 samarbeider med Fjord Tours om marknadsføring og sal.

Om du ønskjer å planlegge ein tur på Nærøyfjorden med Fjord1 i sommar, sjå rutetider for Kaupanger-Gudvangen på nettsida vår her. Her er det også lenka vidare til Fjord Tours sine sider for booking.