Som leiande innan transport på land og sjø vil selskapa ta ein sentral posisjon innanfor reiseliv i Noreg. Målet med reiselivsselskapet er å tilby miljøvennlege reiselivspakkar over heile Noreg, utvikle nye turistdestinasjonar og bidra til heilårsturisme.

- Målsetjinga er å etablere ein sterk sals- og marknadsføringsportal som skal marknadsføre Noreg som ein miljøvennleg reiselivsdestinasjon også internasjonalt, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1 (biletet over).

NSB-konsernet og Fjord1 har inngått ein intensjonsavtale om å etablere eit nytt reiselivsselskap, som dei to selskapa skal eige 50 prosent kvar. Reiselivsselskapet skal sjølv og gjennom partnarar utvikle og samle reiselivstilbod og opplevingar i heile Noreg, og tilby miljøvennlege rundreiser som saumlaust kombinerer transport med overnatting, aktivitetar og andre opplevingar.

Selskapet skal bidra til lokal destinasjonsutvikling i heile Noreg, og investere i nye konsept sjølv- og i samarbeid med lokale aktørar. Satsinga skal skape verdi og arbeidsplassar også lokalt.

 

Nye destinasjonar og heilårsturisme

- Turistane som kjem til Noreg følgjer ofte ei kjend turistrute. Det gjer at det kan bli ganske trongt enkelte stadar. Samstundes er det mange turistperler som ikkje får like mange besøkande. Vi ønskjer saman med lokale aktørar å utvikle nye berekraftige destinasjonar og reiselivsaktivitet heile året. Eit døme er Romsdalen med Åndalsnes og Raumabanen, fortel Synne Homble, konserndirektør for mobilitet og reiseliv i NSB-konsernet.

Det felles reiselivsselskapet skal bidra til meir heilårsturisme.

- Noreg får flest besøkande om sommaren, men det er noko magisk med kvar årstid. Vi skal lage pakketurar som freistar turistar heile året, seier Dagfinn Neteland i Fjord1.

 

Miljøvennleg turisme

NSB-konsernet består av både NSB Persontog og Nettbuss, og tilbyr kollektivtransport i store delar av Noreg. NSB eig 50 prosent av Flåm Utvikling, som driv reiselivssuksessen Flåmsbana. Fjord1 er Noregs største ferjeselskap og eig 50 prosent av The Fjords, med hybridskipet Vision of the Fjords og helelektriske Future of the Fjords.

- Fjord1 sine båtar er eit globalt utstillingsvindauge for nullutsleppstransport til sjøs. Kombinasjonen av miljøvennlege båtar og rutegåande bussar og tog gir turistar som besøker oss eit berekraftig alternativ, seier Synne Homble.

 

Destinasjonar i heile Noreg

NSB og Fjord1 samarbeider i dag om pakketurar som «Noreg i eit nøtteskal» som vert selt gjennom FjordTours AS.

- Rundreiser som «Noreg i eit nøtteskal» gjer det enkelt for turistane å oppleve norske høgdepunkt basert på kollektivtransport. Vi ønskjer å satse vidare på miljøvennlege rundreiser i heile Noreg, seier Dagfinn Neteland.

Fjord1 og NSB eig til saman 74 prosent av aksjane i FjordTours AS.

- FjordTours er ein viktig suksess som vi vil utvikle vidare. Det nye reiselivsselskapet vil halde fram med å selje pakkereiser gjennom FjordTours. FjordTours lanserer snart ny digital løysing som gjer det enda enklare å bestille turar til Noreg. Digital utvikling er sentralt for å styrke Noreg som turistdestinasjon, avsluttar Synne Homble.

NSB og Fjord1 siktar mot å etablere selskapet rundt 1. mars 2019.