Første kvartal har vore prega av stor aktivitet knytt til oppstart av ny kontrakt og sluttføring av elektrifisering av sambanda i tidlegare Hordaland Fylkeskommune. Fjord1 har i dag 26 landstasjonar operative og heile 23 fartøy med elektrisk drift. Dette viser at ein stadig større del av produksjonen i Fjord1 går over til heilelektriske operasjonar.

1. januar starta Fjord1 ei ny kontrakt på Festvåg-Misten i Nordland. I første kvartal vart selskapet også tildelt ei 10-års miljøkontrakt for riksvegferjesambanda Bognes–Skarberget og Drag–Kjøpsvik.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er glad for at selskapet sitt sterke fokus på miljøavtrykk er blitt tydelegare etter at ny teknologi gjennom miljøkontraktar er kome på plass og teke i bruk:

- Fjord1 er blitt verdas mest miljøvennlege ferjeoperatør, og med dei nyaste kontraktane i Nord-Noreg har vi heile 39 elektriske ferjer i drift! Dette gjer at stadig fleire av sambanda er på nullutslepp, noko som er svært miljøeffektivt. I første kvartal vart fartøy til Halsa-Kanestraum ombygd til elektrisk drift. Vi er veldig stolte av å drifte 13 heilelektriske samband pr. i dag, som utgjer over halve fartøyporteføljen vår!

Fjord1 har ein portefølje av langtidskontraktar til ein verdi av 21,2 milliardar NOK, noko som dannar eit solid grunnlag for vidareutvikling av selskapet. 

Inntekt første kvartal var på 691 millionar NOK, noko som er ein nedgang på 8 prosent frå same kvartal året før. Bakgrunnen for nedgangen er knytt til avslutning av ei ferjekontrakt, i tillegg til lågare inntekt frå cateringsegmentet, grunna Covid-19.

EBITDA var 198 millionar NOK i første kvartal, dette var ein auke på 2 prosent samanlikna med perioden året før. EBITDA-marginen auka til 29 prosent samanlikna med 26 prosent i same kvartal året før. Den positive utviklinga i EBITDA-margin reflekterer lågare driftskostnadar. Investeringane var på 124 millionar NOK i første kvartal. 

- Vi er godt tilfreds med resultatutviklinga. Aktivitet innan turisme og catering er framleis negativt påverka av Covid-19 grunna reiserestriksjonar. Vi er likevel optimistiske og trur på auka aktivitet i desse segmenta andre kvartal i tråd med nasjonal gjenopningsplan, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.