Drifta i 2021 har i periodar vore sterkt påverka av Covid-19 pandemien. Koronarestriksjonane vart løfta og trafikkvolumet har gradvis normalisert seg.

Fjerde kvartal har vore prega av stor aktivitet knytt til sluttføring av elektrifisering av samband. Fjord1 har i dag 28 landstasjonar operative og ved utgangen av året er 28 fartøy med elektrisk drift. Ein stadig større del av produksjonen i Fjord1 går over til heilelektriske operasjonar.

Fjord1 er tildelt ei 10-års miljøkontrakt for riksvegferjesambanda Bognes–Skarberget og Drag–Kjøpsvik, og selskapet har teikna kontrakt for to ombyggingar hos Westcon Yards i Florø, og ei ombygging hos Havyard i Leirvik, Sogn. Fjord1 har også to fartøy under bygging for leveranse i 2023.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er glad for at selskapet sitt sterke fokus på miljøavtrykk er blitt tydelegare etter at ny teknologi gjennom miljøkontraktar er kome på plass og teke i bruk:

- Fjord1 er verdas mest miljøvennlege ferjeoperatør, og med dei pågåande ombyggingane vil det vere 39 elektriske ferjer i drift. Dette gjer at stadig fleire av sambanda er på nullutslepp, noko som er svært miljøeffektivt. Vi er svært stolte av å drifte 17 heilelektriske samband pr. i dag, som utgjer over halve fartøyporteføljen vår! Kontraktsporteføljen har ein berekna verdi på 21,0 milliardar kroner, og gir saman med flåtefornyingsprogrammet eit solid grunnlag for vidareutvikling og lønnsam vekst.

Inntekt i fjerde kvartal var på 711 millionar NOK, noko som er ein nedgang på 14 % frå same kvartal året før. Bakgrunnen for nedgangen er knytt til ei avslutta ferjekontrakt, i tillegg til lågare inntekt frå cateringsegmentet, grunna Covid-19. EBITDA var 174 millionar NOK i fjerde kvartal og investeringane var på 155 millionar NOK.

- Vi er godt tilfreds med utviklinga i selskapet. Aktivitet innan turisme er framleis negativt påverka av Covid-19. Vi er optimistiske og trur på auka aktivitet i desse segmenta for inneverande år, seier Neteland (biletet under).