Hårfagrerittet er det eldste terrengsykkelrittet på Haugalandet i Rogaland. Første utgåve var i 2010.

Som generalsponsor stilte Fjord1 opp med verdas største gassferje MF Boknafjord, som låg i Haugesund som ein del av målområdet for rittet.

– Det var heilt majestetisk å sjå då den store ferja kom inn det trange sundet for å vere målområde for Hårfagrerittet.

Det seier dagleg leiar for Hårfagrerittet, Jan Erik Søvig, etter helgas sykkefelst.

I fin kveldssol kom ferja til Haugesund fredag 3. juni. Ifølgje havnevakta i Haugesund er MF Boknafjord det største skipet som har vore ved indre kai.

Om bord i ferja var det gratis massasje, parkering for syklane, i tillegg til at ein kunne få seg mat, mellom anna gratis sveler og grillmat.

Eit nydeleg vêr hjalp også på å gjere dagen til ein fest.

Det var rundt 800 deltakarar i rittet, i tilegg til 200-300 som var publikum.

Slik såg det ut frå MF Boknafjord ved indre kai fredag kveld. Foto: Henrik Kristoffersen, MF Boknafjord